Design for medieproduksjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MIX203
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er å presentere studenten for utfordringar knytte til design av system og grenseflatar som støttar medieprodusentar i deira arbeid. Døme er brukarvenlege og brukarorienterte løysingar som hjelper journalistar å navigere store datamengder, applikasjonar som støttar journalistar i felten, og grenseflatar for kollaborativ nyhendeskriving.
I modul 1 blir studentane introdusert til fagfelta medieproduksjonsstudiar, datastøtta samarbeid og arbeidsplasstudiar, og får trening i etnografisk-orienterte metodar som observasjon og intervju.
I modul 2 vil dei i grupper bli utplassert hos ei mediebedrift kor dei utfører eit feltarbeid som lærer dei selskapets rutinar, arbeidsprosessar, verktøy og interaksjonsløysingar. I løpet av praksisperioden observerer studentane arbeidarane, og intervjuar dei om praksisane og erfaringane deira.
I modul 3 lagar og evaluerar studentane ein prototype som hjelper medieprodusentane i arbeidet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere greie for omgrep innan relevante felt som til dømes medieproduksjonsstudiar, datastøtta kollaborativt arbeid, og arbeidsplasstudiar
- kan gjere greie for kvalitative og kvantitative metodar og den rolla etnografiske metodar har i medieproduksjons- og arbeidsplasstudiar
Ferdigheiter
Studenten
- kan identifisere utfordringar som mediepraktikarar har i det daglege arbeidet sitt, og foreslå løysingar knytte til korleis interaksjonsdesign og digital teknologi kan støtte samarbeid og forbetra arbeidsrutinar i mediebransjen
- kan utføre etnografisk-inspirerte feltstudiar på ein arbeidsplass
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar i samspelet mellom medieproduksjon og interaksjonsdesign både skriftleg, munnleg og gjennom eigen praksis
- kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan fagfeltet interaksjonsdesign, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gruppelevering: Studentane lagar og presenterer ein prototype knytt til modul 3 og diskuterar forholdet mellom prototypen og de opprinnelige forskningsspørsmålene sine.
Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
To deleksamenar:
- Individuell oppgåve: Studentane skriv ei individuell oppgåve knytt til modul 1. (teller 40%)
- Gruppelevering: Studentane skriv ein rapport frå feltstudie/brukarstudie og prototype design knytt til modul 2 og 3. (teller 60%)
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.