Design for mediebruk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MIX204
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er å gjere studenten kjend med utfordringane knytte til design av system og grenseflatar som presenterer medieinnhald. Døme er nye interaktive forteljingsformat og nye metodar for å aksessere nyhende. Emnet legg vekt på brukarevalueringar av mediebruk såvel som produksjon av medieinnhald. Emnet inkluderer følgjande tema:
Modul 1: Utforske eksperimentelt medieinnhald produsert i eit eksisterande medium. Her lærer studentane å evaluere bruk av innhald med subjektive metodar som kvalitative intervju og/eller fokusgrupper, og får innsyn i bruk av objektive metodar som blikksporing og stressarmbånd. Studentane lærer om mediebruk i utvalde sosiodemografiske grupper.
Modul 2: Utvikle medieinnhald til eit eksperimentelt, ikkje-etablert grensesnitt (til dømes dokumentar for AR- eller VR-briller). Studentane skal lage historier, storyboard og produsere animasjonar og interaktive funksjonar. Arbeidet føregår i grupper.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kjennskap til kvalitative og kvantitative metodar innan forsking på brukaropplevingar knytte til mediedesign
- har kunnskap om minst eitt av følgande tema: sosiale teknologiar, spel, interaktive media, brukargenerert innhald
Ferdigheiter
Studenten
- kan presentere funn knytt til mediebruk, brukargrupper og mediebrukstrendar i samtida
- kan identifisere utfordringar og utvikle nye løysingar som betre støttar det brukarane treng
- kan nytte ulike metodar for å studere mediebruk
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff knytt til brukaropplevingar innan media, både skriftleg, munnleg og eventuelt gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med fagfellar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
To deleksamenar:
- Gruppelevering: Studentane skriv ein rapport på om lag 4000 ord frå brukarevalueringa. Evalueringa skal gjere greie for bruken av både subjektive og objektive metodar (modul 1, tel 1/2).
- Gruppelevering: Studentane lagar ein prototype og ein skriftleg spesifikasjon på om lag 1500 ord. Spesifikasjonen skal inkludere eit storyboard (modul 2, tel 1/2).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.