Kvalitetssikring av kjemiske analysar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Det primære målet med kurset er å gjøre studentane i stand til å utvikle kvalitetssikra analytiske metodar eigna for føremålet. Studentane skal og kunne vurdere kvaliteten på analyseresultat og analytiske metodar basert på eigne vurderingar om den analytiske metoden og kvaltetssikringsdata. I tillegg får studentane anvendt det dei har lært ved å utarbeide ein valideerings-/verifiseringsplan og gjennomføre typiske trinn i ei kjemisk analyse, som prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse og rapportering, slik at ein skal forstå korleis kvart enkelt trinn bidrar til uvisse i det endelege resultatet. Studentane vil få innsikt i validering og kvalitetssikring av kjemiske analysemetodar samt sporevne og uvisse av analyseresultat. Laboratorieøvingane brukar moderne analytisk instrumentering og blir gjennomført på eit akkreditert analyselaboratorium.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avsluttande emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan samanlikne kvalitetsinfrastrukturen nasjonalt, regionalt og internasjonalt og forstå korleis dei like delane samverkar
  • kan forklare korleis standardar, metrologi, akkreditering, samsvarsvurdering og tekniske reguleringar samverkar med analytisk arbeid på kjemiske analyselaboratorium
  • kan anvende prinsippa for validering og verifisering av kjemiske analysemetodar samt evaluere sporevne og uvisse i analyseresultat
  • kan analsere og forklare korleis typiske trinn i ei kjemisk analyse, som prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse, og rapportering bidrar til uvisse i det endelege resultatet
  • kan forklare viktige rutinar i eit moderne akkreditert analyselaboratorium

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utarbeide, planlegge og gjennomføra ei plan for verifisering og validering for å kunne vurdere om ein metode er eigna for føremålet
  • kan vurdere kvaliteten til eit analyseresultat basert på kunnskap om den analytiske metoden og kvalitetssikringsdata
  • kan anvende venlege metodar for kvalitetssikring av kjemiske analysar
  • kan anvende vanlege metodar for prøveopparbeiding av biologisk materiale og utvalt moderne laboratorieutstyr og instrumentering for kjemisk analyse

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår overordna prinsipp for kvalitetssikring og korleis prinsippa kan overførast og brukast i andre kontekstar
  • kan anvende grunnleggjande statistiske metodar
  • kan planlegge og utføre nøyaktig arbeid på laboratoriet og skapar samarbeid på laboratoriet
  • kan skape gode laboratorierutinar, med særleg vekt på tryggleik og sikring av analysekvalitet i eit laboratorium
  • kan anvende moderne laboratorieutstyr og instrumentering for kjemsik analyse

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.

Undervisningsstad

Havforskningsinstituttet.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
BIO306 (10 stp)
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratorieøvingar og andre oppgåver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk deltaking på første førelesning.
  • Laboratoriekurs og skriftlege innleveringar. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.
  • Godkjent HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk Institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
  • Vurderingsformer

    Munnleg eksamen utgjer 100% av karakteren.

    Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar og obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

    Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er ordinær eksamen kvart vårsemester.
    Emneevaluering

    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

    Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
    kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen.