Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 4

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

NOR-U4 er for viderekomne og bygger på NOR-U2/3 eller NOR-U3.

Emnet skal gjere deltakarane i stand til å bruke norsk munnleg og skriftleg med god presisjon, både reseptivt og produktivt, i allmenne og faglege samanhengar. Ein vil arbeide med autentiske tekstar med eit relativt høyt språkleg nivå, ordtilfang og idiomatiske uttrykk. Ein vil ta opp ulike tema gjennom kurset, og deltakarane vil gjennom aktiv deltaking få kunnskap om og innsikt i tema som norsk språk og litteratur og nokre aktuelle samfunnsspørsmål.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studentane skal beherske komplekse strukturar i norsk og ha eit ordforråd som gjer ein i stand til å forstå autentiske tekstar om allmenne og faglege problemstillingar på norsk. I tillegg må dei kunne oppdatere seg innan eige fagfelt og om allmenne emne.

Ferdigheiter

  • Studentane skal kunne forstå og snakke flytande om autentiske tekstar om allmenne og faglege problemstillingar på norsk.
  • Dei skal også kunne forstå meir akademiske innlegg/foredrag om faglege og allmenne emne på norsk og vere i stand til å problematisere slike.
  • Dei skal utan særlege vanskar forstå norske akademiske tekstar frå ulike fagfelt.
  • Dei skal kunne uttrykke seg skriftleg og munnleg på norsk med variert språk, idiomatikk og komplekse strukturar.

Generell kompetanse

  • Studentane skal ha gode nok språkferdigheiter til å både kunne formidle og oppdatere kunnskapane sine innan sitt eige fagområde og innan allmenne emne på både skriftleg og munnleg norsk.

Studiepoeng, omfang

10

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Søkerne må ha karakteren A, B eller C frå NOR-U2/3, NOR-U3 eller tilsvarande kunnskapar og ferdigheiter i norsk språk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Talet på plassar er avgrensa. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta kurset NOR-U4, enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte etter karakter.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 50 timer undervisning.

Det blir forventet at studentane er forberedt og deltar aktivt i timene.

Det blir ikke undervisning på dette emnet dersom det ikke er mange nok søkere.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakere som er borte fra kurset mer enn 25 %, vil ikke få gå opp til eksamen.

De skal i løpet av kurset levere minst tre skriftlige oppgaver og holde et innlegg om et faglig emne.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktiviteter er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og de påfølgende to semestrene.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Munnleg del av eksamen varar ca. 20 minutt og er ein samtale mellom kandidat og eksaminator.

Skriftleg del av eksamen varar i 4 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Det blir gitt ein samla karakter. Her vil skriftleg del av eksamen telje ca 2/3, og munnleg del av eksamen tel ca 1/3. Både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått.

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8.

Karakterskala
Karakterskala A til F
Vurderingssemester
Haust/Vår
Litteraturliste

Pensumliste kunngjøres ved semesterstart.

Tekstmaterialet vil bestå av skjønnlitteratur, sakprosa og aktuelle avisartikler samt ulike typer oppgaver. Dette kan være en lærebok eller et kompendium. Studentene trenger også ordbok og grammatikkbok.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne, verken på munnleg eller skriftleg eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for norskkursa har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for norskkursa
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske