Fellesemne: Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- NORMAU644
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan òg verte nytta.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er at studentane skal få eit grunnlag for å planleggje arbeidet med ei masteroppgåve. Emnet skal avsluttast med ei prosjektskisse for masteroppgåva. Prosjektskissa skal leveras i 5. semster.
Prosjektskissa inngår som innleiande del av arbeidet med masteroppgåva.
Studenten får rettleiing undervegs og skal leggje arbeidet fram på prosjektseminar. Ein føreset at studenten òg er med på drøftingar av planane til medstudentar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- har inngåande kunnskap om eit sjølvvald felt som er relevant for studiet
- har kunnskap om form, innhald og arbeidsmåtar som er relevante for ei masteroppgåve i studiet
Ferdigheiter:
- kan finne og vurdere relevant forskingslitteratur
- kan framstille og drøfte forskingslitteratur i avgrensa sjølvstendig forskingsarbeidet på eit sjølvvald felt
- kan samle inn relevant forskingsmateriale
- kan presentere og diskutere eigne prosjektplanar
- kan diskutere andre sine prosjektplanar
Generell kompetanse
- har innsikt i dei komponentane som trengst i arbeidet med ei masteroppgåve i studiet
- på kritisk og reflekterande måte kunne kople eit erfaringsbasert praksisperspektiv til arbeidet med masteroppgåveprosjekt
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Gjennomgåande emne i studieprogrammet 4.-5. semester.
Vurderingssemester 5. semester.
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
Rettleiing på prosjektskissa frå ein faglærar er obligatorisk. I det 5. og siste semesteret av emnet skal studenten presentere masterprosjektet sitt. Konkretisering av dei obligatoriske kursoppgåvene går fram av semesterplanen.
Vurderingsformer
Ei rettleidd prosjektskisse til masteroppgåva med eit omfang på 4000-5000 ord. Prosjektskissa skal ha ei overordna problemformulering og klår avgrensing av temaet, gjerne òg arbeidshypotesar. Det skal gjerast greie for relevant metode/modell, kjelder og mogeleg datagrunnlag. Prosjektskissa skal dokumentere kjennskap til relevant faglitteratur og ha eit utkast til bibliografi. Det skal skisserast ein framdriftsplan for masteroppgåva
Prosjektskissa skal etter fritt val skrivast på nynorsk eller bokmål.