Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PHYS102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet er fyrst og fremst meint som eit brukarkurs for andre fagområde enn fysikk, geofysikk og matematikk. Emnet gir ei oversikt og forståing av fysikkomgrepa utan for mykje bruk av matematisk formalisme.
Innhald:
Emnet gir ei rask innføring i elektrisitetslære, magnetisme, optikk og moderne fysikk: Elektrisk ladning og elektrisk felt, straum, spenning og motstand, magnetfelt, elektromagnetiske bølgjer, lyset sin natur og optiske instrument, atom, kjernar og elementærpartiklar, radioaktivitet og stråling.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har fått kunnskapar om
- Elektromagnetisme (elektrisk og magnetisk kraft og felt, kretsar, induksjon) og elektromagnetiske bølgjer
- Lys (refleksjon, refraksjon, interferens), lyset sin bølgjenatur som partikkel eller bølgje.
- Atomet, atomkjernen, kjernekraft, ioniserande stråling og radioaktivitet.
Ferdigheiter
Studenten kan løyse oppgåver med moderat matematisk formalisme relatert til
- Elektrisk og magnetisk kraft og felt, elektrisk ladning, elektrisk potensial, straum, spenning og motstand, kondensatorar, elektromagnetiske bølgjer, refleksjon, refraksjon, interferens og diffraksjon.
- Relativistisk tidsforskyving, lengdekontraksjon, relativistisk rørslemengde og addisjon av hastigheiter.
- Fotoelektrisk effekt, Compton-effekt, de Broglie-bølgjelengde, hydrogenatommodellar og elektronkonfigurasjon, atomkjernen, bindingsenergi og henfall, ioniserande stråling, fisjon og fusjon
- Anvending av Gauss lov, Kirchhoffs lover, Faradays lov, Lenz lov, Malus lov, Snells lov og Hubbles lov.
Generell kompetanse
Studenten har
- Auka refleksjonsevne og innsikt i korleis fysikk koplar årsak og verknad for enkle prosessar i naturen
- Kunnskapar av nytteverdi for andre fagområde innan naturvitskap
- Trening i å arbeide systematisk og analysere komplekse problem
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av
- Førelesninger (3 timer per veke i 15 veker)
- Oppgåvegjennomgang i plenum (2 timer per veke i 15 veker)
- Regneverksted (2 timer per veke i 15 veker)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på utvalgte aktivitetar. Dei obligatoriske aktivitetane vert spesifisert ved semesterstart.
Studenten skal levera inn 5-10 obligatoriske innleveringsoppgåver.
Studenten skal levera inn 5-10 online quizer.
Obligatoriske innleveringsoppgåver og quizer er gyldige i undervisningssemesteret (1. semester).
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Mappevurdering