Elektromagnetisme I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS112
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studentane ei brei innføring i grunnleggjande lover og samanhengar innan elektrisitetslære, elektromagnetisme, elektronikk og lyslære.
Innhald:
Emnet gir ei innføring i elektromagnetisme med spesiell vekt på fylgjande tema: Elektriske felt og elektriske straumar, magnetfelt og induksjon, grunnleggjande elektriske kretsar, Maxwell sine likningar og elektromagnetiske bølgjer.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har fått kunnskapar om
- sentrale tema innan teorien bak elektromagnetisme
- elektriske felt og elektriske straumar, magnetfelt og induksjon, grunnleggjande elektriske kretsar, Maxwell sine likningar og elektromagnetiske bølgjer
- elektromagnetiske fenomen samt koplinga til lys
Ferdigheiter
Ved fullført emne PHYS112 skal studenten kunne
- forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan elektrisitetslære og elektromagnetisme
- bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse oppgåver innan elektrisitetslære og elektromagnetisme
- teikne skisser som systematiserer problemstillinga i slike oppgåver
Generell kompetanse
Studenten har fått
- grunnleggjande kunnskapar i elektromagnetisme
- kunnskapar av nytteverdi for andre fagområde innan naturvitskap generelt og fysikk spesielt
- trening i å arbeide systematisk og analysere komplekse problem
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT212 som kan lesast parallelt.
Studiepoengsreduksjon
PHYS102: 5 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatorisk aktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4 timer)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Godkjent kalkulator. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjent i fakultets eksamensreglement.