Marin akustikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS273
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet skal gje generell innføring i fundamentale prinsipp i marin akustikk, med vekt på fysiske mekanismar og lover, omgrep og metodar. Emnet skal gje forståing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle ved bruk av lyd i marine miljø.
Innhald
Emnet gir innføring i grunnleggande metodar i marin akustikk, som ein viktig basis for både teknologiutvikling og grunnleggande forsking i marin akustikk. Emnet omhandlar akustisk bølgjeforplantning i sjøen, refleksjon og transmisjon av lydbølgjer, spreiing frå gjenstandar, marine organismar, flater og volumsegment, støy og signalfluktuasjonar, utsending og mottaking av lydbølgjer med akustiske transdusarar / sonarsystem, og grunnleggande signalbehandling for marin akustikk. Emnet gir ei generell og brei innføring i marin akustikk, med vekt på fysiske prinsipp. Emnet kan vere av interesse for studentar i tilgrensande fag, som optikk og industriell instrumentering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan marin akustikk
- gjere greie for grunnleggjande fysiske prinsipp bak generering, forplantning, mottaking og prosessering av akustiske bølgjer i marine miljø
- forklare sentrale modellar for havet som akustisk bølgjeleiar
- gjere greie for refleksjon og spreiing av akustiske signal frå objekt, havbotn og overflate på eit grunnleggjande nivå
- beskrive havet som akustisk miljø og forplantningsmedium.
Ferdigheiter
Studenten kan
- bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse relativt enkle problem innan marin akustikk.
Generell kompetanse
- Studenten har innsikt i fundamentale prinsipp innan marin akustikk, med vekt på fysiske mekanismer, lover og samanhengar, og forståing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske applikasjonar av lyd i sjøen.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning og rekneøvingar: 6 timar pr. veke.
Antal veker: 14.