Databehandling i fysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PHYS291
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål: Lære studentar å bruke datamaskiner til å løyse problem i fysikk
Innhald: Emnet gir ei innføring i informasjonsteknologi og bruken av tilgjengelege IT-ressursar ved instituttet med eksempel henta frå aktuelle forskningsprosjekt. LINUX blir brukt som arbeidsmiljø der ein får øving i programmering (C++) og bruk av programpakkar (ROOT), samt får prøvd ut enkle prinsipp for nettverkstilgang. Emnet er særs nyttig for studentar i subatomær fysikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kjennskap til grunnleggjande konsept i datamaskiner
- kan bruke Linux og "shell"
- forstår strukturar i fysikkdata
- forstår grunnleggjande konsept i objektorientert programmering
- kan bruke ROOT
- kan utvikle C++ programmer
Ferdigheiter
Studenten kan
- løyse datarelaterte problem ved å bruke Linux, ROOT og C++
Generell kompetanse
Studenten har
- forsterka sin evne til å bruke datamaskinen som verktøy til å løyse problem i fysikk og naturvitskap
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Semesteroppgave og øvelser
Vurderingsformer
Prosjektoppgave. Bestått/ikke bestått
Karakterskala
Kun bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.