Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi en innføring i moderne måleteknikk og datainnsamling, generell bruk av måleinstrument, berekning av måleusikkerhet samt behandling og vurdering av måledata. Emnet skal formidle forståing for måleproblemstillingar frå ulike deler av fysikken.

Innhald

Emnet tar opp tema som berekning av måleusikkerhet, måling av elektriske størrelsar, PC-basert datainnsamling, berekning av gravitasjonskonstanten, mekaniske og elektriske svingingar, varmekapasitet for gassar og radioaktivitet.

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om standard måleinstrument.
  • har kunnskap om berekning av måleusikkerhet.

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kople opp enkle eksperimentelle oppsett, inklusive elektriske kretsar, samt bruke standard måleinstrument.
  • kan nytte programmeringsverktøy for PC-basert datainnsamling og presentasjon av måledata.

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan skrive ein laboratorierapport etter på førehand oppsette krav (IMRaD) med presist naturfagleg språk.
  • kan planlegge og gjennomføre eksperimentelt arbeid basert på gruppesamarbeid og sjølv bidra til at samarbeidet i gruppa fungerer.
  • kan referere til og kritisk vurdere kjelder som er relevante for rapporten.
  • kan presentere munnleg omfang og målsetnad for laboratorieoppgåver.

 

Undervisningssemester

Vår

 

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesningar og laboratoriearbeid med 8 timar pr. veke i 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på alle laboratorieøvingane. Godkjende laboratorierapportar for kvar laboratorieoppgåve er føresetnad for å ta munnleg eksamen i emnet. Godkjende laboratorierapportar er gyldig i 6 påfølgande semester etter godkjenninga.

Ikke-godkjent obligatorisk aktivitet gir rett til nytt forsøk, men først når kapasitetshensynmuliggjør det. Ved begrenset kapasitet skal studenter som har hatt gyldig fravær fra aktiviteten prioriteres foran studenter som ikke har hatt gyldig fravær. 

 

Vurderingsformer
I emnet nytar ein følgjande vurderingsformer
  • fleirvalgseksamen (1 time), utgjer 40 % av karakteren
  • Munnleg eksamen (praktisk/teoretisk) på laboratoriet (20 minutt), utgjer 60 % av karakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester

For semester utan undervisning må ein a gyldig fråver for å kunne melde seg til Fleirvalgseksamen.

Det er ordinær muntlig eksamen kvart semester

Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.