Utvalde emne i ionosfærefysikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PHYS352
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:Emnet er ei vidareføring av ionosfæredelen av PHYS 251. Emnet gir studenten djupare innsikt i korleis elektriske straumar og partiklar koplar jordas magnetosfære og ionosfæren og korleis dette har innverknad på dei fysiske og kjemiske forholda i den øvre atmosfæren.
Innhald: Aktuelle tema er vekselverknad mellom nordlyspartiklar og den øvre atmosfæren, røntgenstråling, nordlys, ionisering, ionosfærens elektrodynamikk, irregularitetar i ionosfæren, forplantning og spreiing av radiobølgjer, kopling mellom magnetosfæren, ionosfæren og den nøytrale atmosfæren. Innhaldet blir tilpassa behovet til dei studentane som tek emnet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan vurdere dei viktigaste plasmaparametrane som styrer elektriske straumar i ionosfæren
- kan forklare strukturen og elektrodynamikken til ionosfæren i ekvatorområdet
- har inngåande kunnskap om hovudtrekka ved elektrodynamikken i ionosfæren på høge breiddegrader
- har innsikt i nokre viktige strukturar og ustabilitetar i ionosfæren på høge breiddegrader
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke grunnleggjande lover og fysiske samanhengar til å forstå komplekse fenomen i ionosfæren på ulike breiddegrader rundt jorda.
Generell kompetanse
Studenten kan
- bruke teoretiske kunnskapar og ferdigheiter i ionosfærefysikk til å analysere målingar av ionosfæreparametrar og knytte desse saman med prosessar og fenomen i andre delar av sol-jord systemet
- diskutere vitskaplege spørsmål om sol-jord systemet og vurdere nye forskingsresultat på eit høgt fagleg nivå