Elektromagnetisme II
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS205
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Gje avanserte kunskapar og ferdigheiter i elektromagnetisme.
Innhald:
Emnet inneheld tema som elektriske og magnetiske felt og potensial, Maxwells likningar, konserveringslover, elektromagnetisk stråling, elektromagnetiske bølgjer i ulike materiale, elektromagnetisk stråling, relativistisk elektrodynamikk, samt matematiske teknikkar for løysing av elektromagnetiske problem.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført kurs skal studenten ha
- avanserte kunnskapar om viktige tema i elektromagnetisme
Ferdigheiter
Etter fullført kurs skal studenten kunne
- greie ut om avanserte elektromagnetiske konsept og lover
- løyse kompliserte matematiske oppgåver knytta til tema i kurset
Studiepoeng, omfang
10 Studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Masternivå
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
PHYS112 eller tilsvarande kunnskap i elektromagnetisme
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i førelesningar og øvingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.