Datasystem for eksperimentalfysikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å gje ein grundig innføring i bruken av avanserte datasystem for datainnsamling og sanntidsanvendelser.

Innhald: Emnet tar opp tema som moderne datamaskinarkitektur, inn/ut-einingar, sanntidsaktiviteter, parallelle aktiviteter, interprosess-kommunikasjon, nettverksteknologier og -protokoller. Å gi en grundig beskriving av utstyr, metodar og system knytt til bruk av datamaskiner i storskalaeksperiment. Det blir lagt stor vekt på praktisk systemarbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap om grunnleggande konsept i datamaskinarkitektur
  • kan bruke Linux og "shell"
  • forstår grunnleggande konsept i datainnsamling
  • kan bruke "inter-process communication" verktøy og "interrupts"
  • kan utvikle C programmer

Ferdigheiter

Studenten kan

  • utvikle datainnsamlingprogram

Generell kompetanse

Studenten har

  • forsterka sin evne til å bruke datamaskinen som verktøy til å løyse problem i fysikk og naturvitskap

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Semesteroppgave og laboratorieøvelser
Vurderingsformer
Semesteroppgave. Bestått/ikkje bestått
Karakterskala
Kun bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.