Praktisk informasjonsarbeid
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PRAKTINF
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Påmeldingsfrist for hausten 2024 er fredag 16. august.
Studentane skal få trening i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver, og få teoretisk og metodisk innsikt i korleis kommunikasjonsarbeid kan foregå.
Kurset omfattar sentrale emne innan formidling av praktisk informasjon. Det vil seie kunnskap om kva kommunikasjon er, korleis ein finn og vurderer informasjon, korleis ein brukar skriftspråket som verktøy, og korleis ein i det heile best kan få formidla ein bodskap på ein effektiv måte. Omsynet til mottakarar av informasjon og praktisk arbeid med språk står sentralt.
Studiet er sett saman av fire faglege hovudperspektiv, som dels vil overlappe kvarandre:
1. Teori: Vekta blir lagd på omgrep knytte til kommunikasjon, informasjon og informasjonsarbeid.
2. Informasjonssøking: Det omfattar strategiar og teknikkar for søking, siling av informasjon, siteringsteknikk og bruk av referansar, etikk ved bruk av informasjon frå andre, og opplæring i bruk av elektroniske søkjeverktøy.
3. Skriving og andre uttrykksmåtar: Arbeidsspråket er norsk. Hovudvekta blir lagd på praktisk skriving og innlevering av korte tekstar ca. ein gong i veka. Det vil vere tekstar knytte til privat og offentleg verksemd, og dessutan særkrav for nettsider. Det blir lagd vekt på å skrive enkelt, strukturert, fokusert, rett, og med god stil. Dessutan vil det bli lagd noko vekt på grafisk utforming og munnleg presentasjon.
4. Formidling: Delemnet omfattar formidlingsstrategiar, både gjennom medium ein produserer sjølv, og gjennom eksterne kanalar. Det blir også lagd vekt på korleis ein kan søkje råd og kjøpe inn eksterne tenester. Arbeidet med formidling blir òg knytt til rettsreglar og etikk for presentasjon og vidareformidling av informasjon.
Praksisperioden: Praksisen blir lagd til private verksemder, offentlege kontor og institusjonar, eller til prosjekt ved UiB knytt til emnestudiet.
Emneleiinga/-administrasjonen har ansvar for å skaffe praksisplass til alle, gjere avtaler om innhaldet for praksisen på den einskilde arbeidsplassen og halde kontakt med studentane og representantar for praksisplassen i praksisperioden. Dersom studentar ønskjer å skaffe eigen plass, må dei informere emneleiinga og gjere ein foreløpig avtale med arbeidsstaden innan ein gitt frist. Emneleiinga skal kvalitetssikre og godkjenne alle praksisplassar.
Læringsutbyte
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studentar må meistre norsk rettskriving og uttrykksmåte.
Minimum 120 studiepoeng.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Minimum 120 studiepoeng. Emnet har avgrensa plass. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta emnet enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte etter karaktersnitt.
Studentar som ønskjer å ta emnet, må registrere undervisningsmelding i Studentweb innan gitt frist. Opptak blir kunngjort innan undervisningsstart.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Kvar veke fram til praksisperioden skal studentane levere inn obligatoriske oppgåvesvar innan gjevne fristar. Studentane skal òg ha ein praksisperiode på 75 arbeidstimar. Dei skal leggje fram ein kort munnleg presentasjon av praksisperioden på internt seminar.
Alle dei obligatoriske aktivitetane blir vurderte til godkjent / ikkje godkjent. Alle dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende før ein student kan gå opp til eksamen.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.