Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PSYK114
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje eit første grunnlag til forståing av åtferd hos menneske og dyr. Studentane vil gjennom dei tre hovudblokkane i emnet verte kjende med psykologien sitt biologiske og kognitive fundament. I tillegg vil dei få kjennskap til sentrale teoriar om og metodar i studiet av menneskeleg utvikling.
Biologisk psykologi skal gje studenten ei grunnleggjande forståing av nervesystemets oppbygning og funksjon, korleis hjernen produserer åtferd og kommuniserer med andre organ. Sentrale fenomen som læring, hugs og emosjonar vert presentert. Studenten skal også bli kjend med det evolusjonsteoretiske grunnlaget for dyr og menneske sin adapsjon/tilpassing til miljøet.
Kognitiv psykologi skal gje studenten ei generell innføring i teoriar om, perspektiv på, og metodar til å studere kognisjon. Studiet skal gje ein gjennomgang av sentrale funn og ein diskusjon av nokre viktige applikasjonar av kognitiv psykologi.
Utviklingspsykologi skal gje studenten ei vidare innføring i perspektiv, metodar og teoriar innan utviklingspsykologi. Det vert ein gjennomgang av sentrale teoriar og funn, samt ein diskusjon av viktige utfordringar i denne disiplinen.
Læringsutbyte
Biologisk psykologi
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne gjere greie for:
- organiseringa av det sentrale og perifere nervesystem samt hovedmekanismar for korleis nevronar kommuniserer
- moderne metodar for å studere hjernestrukturar involvert i språk og kognisjon, som til dømes CAT, PET og fMRI
- hovudtankane i evolusjonsteori, evolusjonspsykologi og sosiobiologi; særskild omgrepa "naturleg utval", "inclusive fitness", "kin selection" og "resiprok altruisme"
- basale genetiske prinsipp, særskild omgrepa kromosom, gen, DNA og RNA, genotype og fenotype
- hovudtrekka ved relasjonen mellom hjernestrukturar og åtferd; særskild emosjonar, læring, hugs, språk og kognisjon
- språk og lateralisering
- emosjonsteoriar og forholdet mellom stimulus/kontekst og emosjonar
- homeostase og homeostatisk regulering av til dømes spiseadferd
- korleis hjernen regulerer kroppslege organ via det autonome nervesystemet og det endokrine systemet
- stressreguleringsmekanismar og faktorar som er av betyding for utvikling av stressrelaterte sjukdommar
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Diskutere læring og emosjonar sin funksjon i eit evolusjonsperspektiv
- Diskutere ulike teoriar om forholdet mellom stimulus/kontekst og emosjonar, som til dømes James-Lange og Cannon-Bard
- Diskutere forholdet mellom biologiske og psykologiske aspekt ved emosjonar, hugs, språk og spiseadferd
- Drøfte korleis langvarig aktivering kan føre til utvikling av kroppsleg sjukdom
- Kunne diskutere sosiobiologi og evolusjonspsykologi som forklaring for menneskets åtferd.
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Ha opparbeidd en grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjer biologisk psykologi, og anvende kunnskap frå biologisk psykologi til å forklare fenomen som involverer menneskeleg tenkning og åtferd
Kognitiv psykologi
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for sentrale aspekt ved menneskleg persepsjon
- Gjere greie for sentrale teoriar om oppmerksemd og medvit
- Gjere greie for teori og forskningsfunn om ulike typar hukommelse: sensorisk-, korttids-, arbeids-, og langtidshukommelse
- Gjere greie for teori og forskingsfunn om læring og gløymsel
- Kjenne til ulike minnestrategiar
- Gjere greie for karakteristika ved mentale bilete
- Gjere greie for omgrepet "skjema" i kognitiv psykologi
- Gjere greie for sentrale teoriar om omgrepsdanning
- Gjere greie for problemløsning, inkludert ulike problemløsningsstrategiar
- Gjere greie for sentrale teoriar om og kjenneteikn ved menneskets resonnering og avgjerdstaking
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studere ulike delar av kognitiv psykologi
- Diskutere nokre gjennomgåande tendensar i menneskeleg tenkning
- Forklare korleis elementar frå kognitiv psykologi, som til dømes hugs, oppmerksemd og persepsjon, fungerer i samspel med kvarandre
- Anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å planlegge effektiv studieteknikk
- Drøfte den historiske utviklinga av kunnskap innanfor dei ulike områda i kognitiv psykologi
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Ha opparbeidd ein grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjør kognisjon, og anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å forklare fenomen som involverer menneskeleg tenkning
Utviklingspsykologi
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for utviklingspsykologien sine historiske røter
- Gjere greie for omgrepet utvikling og korleis utvikling kan påverkast av genetiske og miljømessige faktorar
- Gjere greie for sentrale perspektiv innan fagfeltet, som til dømes læringspsykologi, evolusjonspsykologi, økologisk systemteori og psykodynamiske perspektiv.
- Gjere greie for sentrale temaområde innan fagfeltet, som til dømes tilknytning, kognitiv utvikling, intelligens, temperament, teorien om sinnet, moralutvikling, språkutvikling og sosial utvikling.
- Gjere greie for sentrale teoretikarar innan fagfeltet, som til dømes Piaget, Vygotsky, Bowlby, Ainsworth, Chomsky, Rothbart, Skinner og Bandura.
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studera ulike perspektiv på utviklingspsykologi
- Drøfte nokre sentrale tema knytt til mennesket si utvikling, som til dømes arv/miljø og kontinuitet/diskontinuitet
- Diskutere korleis sentrale teoretikarar innan fagfeltet har ulike syn på utvikling
- Forklare korleis utvikling på ulike område, som til dømes sosial, språklig og kognitiv, er relatert til og fungerer i samspel med kvarandre
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Ha opparbeidd ein grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjer fagfeltet utviklingspsykologi, og kunne anvende kunnskap frå fagfeltet til å forklare trekk psykologisk utvikling, særleg hos barn og unge.
- Studenten skal sjølvstendig, og uten hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metoder innan fagfeltet biologisk psykologi, utviklingspsykologi og kognitiv psykologi.