Innføring i psykologi og psykologiens historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PSYK111
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje ei oversikt og innføring i faget psykologi. Studenten lærer mellom anna om ulike perspektiv og analysenivå i psykologien. Studenten vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin.
Tema 1: Innføring i psykologi
Studenten får ei innføring i hovudområda i psykologifaget som omfattar utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi, kognitiv psykologi, og biologisk psykologi. Hovedfokus vil være på tema som forskningsmetodar, åtferdens biologiske fundament, sansing og persepsjon, bevissthet og læring, hukommelse, språk og tenking, intelligens, utvikling, motivasjon og emosjonar, personlegdom, sosial tenking og påverknad.
Tema 2: Psykologiens historie
Studenten får ei kort historisk innføring i filosofiske skildringar av sjelens/psykens natur og funksjoner . Hovudfokus er ein oversikt over sentrale kjenneteikn ved ulike psykologiske retningar etter etableringen av psykologien som eigen vitskap på 1800-tallet. Det blir gitt ein oversikt over funksjonalismen, behaviourismen, psykoanalysen, gestaltpsykologien, den kognitive revolusjonen, humanismen og relativismen og korleis desse retningane skil seg frå kvarandre og henger saman. Vidare gis det ei innføring i psykiatriens framvekst, skiljet mellom akademisk og anvendt psykologi, og ein kort gjennomgang av den historiske utvikinga av metodetilfanget i psykologien.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- redegjøre for ulike perspektiv på psykologi som vitenskap
- redegjøre for persepsjon og oppmerksomhet
- redegjøre for sentrale begreper i studiet av bevissthet og ulike bevissthetstilstander, herunder søvn
- redegjøre for ulike læringsformer
- redegjøre for ulike modeller for hukommelse, og begrepene "innkoding", "lagring", "gjenhenting" "glemsel"
- redegjøre for teorier om språk og språklæring
- redegjøre for tekning, resonnering, problemløsning, bedømmelse- og beslutningstaking
- diskutere intelligensbegrepet
- redegjøre for begrepet "motivasjon", og sentrale teorier om motivasjon
- beskrive kva emosjonar er og kva for funksjonar dei har, og gjere greie for sentrale emosjonsteoriar
- redegjøre for biologiske, kognitive og sosiale perspektiver på utvikling
- gjere greie for sosial tenking, sosial innflytelse, sosiale relasjoner og atferd i grupper
- gjere greie for omgrepa haldningar, attribusjon, sosial inntrykksdanning, fordommar og diskriminering
- redegjøre for ulike perspektiv på "personligdom"
- gjere greie for filosofiske forløparar for den vitskapelege psykologien, psykologifaget sitt opphav og etablering som sjølvstendig vitskapeleg fag
- gjere greie for utviklinga av og samanhengen mellom: Wundt og eksperimentalpsykologien, funksjonalisme, psykoanalysen, behaviorismen, gestaltskulen, psykiatriens framvekst, akademisk og anvend psykologi, humanistisk psykologi og relativisme og den kognitive revolusjonen i psykologien
Ferdigheiter
Studenten kan
- diskutere ulike psykologiske perspektiver på atferd
- diskutere tilhøvet mellom individet og dei sosiale omgjevnadane
- diskutere kva som skil vitskapeleg psykologi frå før-vitskapeleg psykologi
- diskutere sentrale kjenneteikn ved dei ulike psykologiske retningane, samt å beskrive likskap og skilnader mellom desse med omsyn til innhald, metodebruk og menneskesyn
- diskutere skiljet mellom og vekselverknadene mellom akademisk og anvendt psykologi
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for og diskutere sentrale perspektiv og tema i moderne psykologi
- har ein oversikt over korleis psykologien har utvikla seg historisk.
- har ein grunnleggjande forståing for kva som kjenneteiknar vitskapeleg psykologi
- skal sjølvstendig, og uten hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metoder innan fagfeltet innføring i psykologi og psykologiens historie.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk innlevering av ei oppgåve på inntil 1000 ord.
Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.