Spesialiseringsemne

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt tema av historisk eller systematisk karakter.

Innhald:

Forutsett at emnet vert tilbydd det inneverande semesteret, kan studenten velje eit av eventuelt fleire temaalternativ, som representerer ei spesialisering i enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk karakter.

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
  • har evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
  • har evne til å finne relevant fagleg informasjon.
  • har evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
  • har evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har generell innsikt i temaet.
  • har erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust, men ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
For RELV202 er avlagt eksamen i RELV101 og minst eit av dei andre emna på 100-nivå sterkt å tilrå. Eventuelle andre tilrådde forkunnskapar er gjort greie for under omtalen av dei enkelte temaalternativa.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV202 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV302, same tema.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og seminarundervisning.

Utanom eventuelle forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i spesialiseringsemna kunna skje i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Skriftleg skoleeksamen (inntil 3000 ord) på 6 timar

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og engelsk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår og haust, men ikkje fast

Der er òg vurdering tidleg i vår- og-/eller haustsemesteret gitt at det er tilbod om undervisning i emne og same tema undervisningssemesteret føre, jf. undervisningssemester.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000-1500 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.