Nyreligiøsitet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- RELV221
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg utdjupa kunnskapar om nyreligiøsitet i den vestlege verda.
Innhald:
Både nyreligiøsiteten si historiske utvikling så vel som samtidige religiøse prosessar står i sentrum. Emnet omfattar nye religionar, New Age og uorganisert nyreligiøsitet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har fordjupa kunnskapar om den historiske utviklinga til vestleg nyreligiøsitet
- kan gjere greie for viktige teoretiske tilnærmingar og modellar i studiet av vestleg nyreligiøsitet
- har kjennskap til sentrale omgrep, retningar og skikkelsar i vestleg nyreligiøsitet
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar
- har erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg
- har evne til å skriva ein resonnerande tekst
Generell kompetanse:
Studenten
- har evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:
- Skriftleg oppgåve på inntil 1500 ord.
Oppgåva skal leverast til fastsett tid. Studentane får to veker til å skrive oppgåva. Informasjon om tidspunkt for utlevering og innlevering av oppgåva, blir gitt på Mitt UiB.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Skriftleg skoleeksamen på 6 timar (inntil 3000 ord)
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår.
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum er på omkring 1200-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.