Nyreligiøsitet
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- RELV321
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg utdjupa kunnskapar om nyreligiøsitet i den vestlege verda.
Innhald:
Både nyreligiøsiteten si historiske utvikling så vel som samtidige religiøse prosessar står i sentrum. Emnet omfattar nye religionar, New Age og uorganisert nyreligiøsitet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har fordjupa kunnskapar om den historiske utviklinga til vestleg nyreligiøsitet
- kan gjere greie for viktige teoretiske tilnærmingar og modellar i studiet av vestleg nyreligiøsitet
- har kjennskap til sentrale omgrep, retningar og skikkelsar i vestleg nyreligiøsitet
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar
- har erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg
- har evne til å skriva ein resonnerande tekst
Generell kompetanse:
Studenten
- har evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal til fastsett tid levera inn ei skriftleg oppgåve. Oppgåva skal vera på inntil 1500 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva. Oppgåva vert vurdert til godkjend/ikkje-godkjend. Informasjon om tidspunkt for utlevering og innlevering av oppgåva, blir gitt i Mitt UiB før opninga av studentweb.
Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen. Alle obligatoriske aktivitetar må gjennomførast i same semester. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar (inntil 3000 ord)
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår.
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum er på omkring 1200-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.