Materialitet: miljø, stad og økonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Korleis menneske samhandlar med sine romlege og materielle omgivnader er eit sentralt tema i sosialantropologi. Dette kurset gir eit komparativt innblikk i korleis romlege og materielle forhold former, og er forma av sosiale og kulturelle kontekster. Emnet fokuserer på sosialantropologiske tilnærmingar til økologi, økonomi, ting og rom, og koplar saman dei materielle og kulturelle aspektane ved menneskelivet via fleire tema som landskap, stad og kropp, produksjonsregimer, teknologi, miljø og ressursforvaltning, goveutveksling, marknad og forbruk. Det vert lagt vekt på å formidle det sosiale og kulturelle mangfaldet som finst rundt om i verda, men også korleis desse er involvert i større samanhengar knytt til moderniseringprosjekt og globalisering, samt maktforhold og styring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal

  • ha oversikt over dei sentrale teoriane, metodane, faghistoria og eigenarten til det sosialantropologiske studiet av materialitet, miljø, økonomi og stad
  • ha brei kunnskap om ulike kulturelle praksisar og forståingar på ei rekkje livsområde knytt til menneskelege ervervsformer og sosial organisasjon

Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne gjere greie for sentrale sosialantropologiske fagdebattar om samanhengane mellom materielle vilkår, sosial organisering og kulturell meining
  • kunne gjere bruk av antropologisk kunnskap, omgrep og perspektiv på konkrete empiriske kasusstudiar og teoretiske problemstillingar som gjeld materielle dimensjonar i menneskeleg liv og verksemd
  • kunne reflektere over fagetiske problemstillingar som er relevante for emnets tematikk

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv i forståinga av materialitet, miljø, økonomi og stad
  • ha evne til kritisk tenking og kan gjere bruk av analytiske omgrep og perspektiv for å forstå lokale og globale samfunnsprosessar
  • kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, arbeidsgrupper, tilbakemelding frå medstudentar, etnografisk film.

3-4 timer forelesing pr. veke

7-8 veker, ca. 26 timer forelesing

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppgåveinnlevering undervegs på 1500 ord (+/- 10 prosent). Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend oppgåve er gyldig i totalt 4 semester.
Vurderingsformer

Skuleeksamen 8 timar

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Emnet vert karaktersett med bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Kontinuasjonseksamen

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre.

Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Undervisingsutvalet ved Institutt for sosialantropologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.