Nyare sosiologiske teoriar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje innsikt i sentrale bidrag i nyare sosiologiske teoriar. Utvalet av teoretikarar er breitt og mangfaldig. Dei ulike teoribidraga vert presenterte gjennom sekundærlitteratur og eit utval originaltekstar. Ein skal verta kjende med korleis tilhøvet mellom sosial handling og sosial orden blir handsama innanfor dei ulike perspektiva. Det vert lagt vekt på å forstå den historiske bakgrunnen for teoriane. Det vert sett søkjeljos på teoriar som forstår det moderne samfunnet som ulike system med ein verdifellesskap, men det vert i like stor grad fokusert på kritiske teoriar som analyserer makt, utbyting, framandgjering og auke i den sosiale ulikskapen. Ein skal verta kjende med omgrepa om sosial -, kulturell - og økonomisk kapital, og omgrepa om livsverda og systemverda, samhandling som rasjonelle handlingar på mikronivå, og samhandling som sosiale drama. Målet er at studentane skal utvikle evnene til å lese og forstå sosiologisk tekstar og utvikle kunnskapar til å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål ut frå ulike sosiologiske perspektiv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter avslutta emne kan studenten

  • gjere greie for sentrale nyare sosiologiske teoriar og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og sosial orden
  • gjere greie for og skilje ulike omgrep om sosial-, kulturell -og økonomisk kapital, og omgrepa om livsverda

og samfunnet som sosiale drama, og gjera greie for ulike perspektiv på globalisering og det globale samfunnet

  • plassere teoriane i høve til samfunnskontekst og historisk tid, og gjere greie for korleis nyare sosiologiske teoriar kan gje bidrag til å forstå, forklara og analysera dei globale samfunnstilhøva og den postmoderne kulturelle tilstanden.

Dugleikar

Etter avslutta emne kan studenten

  • svare på problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekstar
  • kunne bruke ulike teoretiske perspektiv og omgrep for å forstå og diskutere den globale historiske konteksten
  • ha innsikt i den aktuelle relevansen til dei nyare sosiologiske teoriane
  • skrive ein tekst ut frå faglege etiske kriterium, korrekte litteraturreferansar og kjeldetilvisingar

Generell kompetanse

Etter avslutta emne har studenten

  • forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
  • forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir diskuterte
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Går første gang våren 2025

Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

SOS100A/SOS100B Introduksjon til sosiologi

SOS121 Klassiske sosiologiske teoriar

Studiepoengsreduksjon
SOS121 (10 studiepoeng) og SOS122 (10 studiepoeng) vil tilsammen utgjøre 20 studiepoeng, dvs. 5 studiepoeng mer enn SOS101 (15 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve (2000 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.