Sosiologisk forsking: Teori og metode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SOS203
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan gjera greie for
- kva ein meiner med omgrepa teori og empiri innan forsking generelt og sosiologisk forsking spesielt
- korleis ulike sosiologiske forskingstradisjonar har handsama forholdet mellom teori og empiri
- korleis ulike sosiologiske teoritradisjonar er knytt til bruk av bestemde forskingsmetodar
- ulike syn på korleis ein utviklar omgrep og teoriar gjennom empiriske observasjonar
Ferdigheiter
Studenten kan
- vurdera og forstå forholdet mellom teori og empiri i sosiologiske analysar
- utvikla omgrep og forklaringar gjennom analyse av kvalitative eller kvantitative data
- lesa sosiologiske tekstar med kritisk blikk
Generell kompetanse
Studenten har
- forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapeleg tenkjemåte
- forståing av kor viktig det er at ulike faglege synspunkt kjem fram og blir debattert
- generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Går første gang våren 2027
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil vera i form av førelesningar og seminar. I seminara får studentane trening i kritisk lesing av artiklar og munnleg drøfting av faglege problemstillingar.
10 førelesningar
10 seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei oppgåve på 2000 ord (+/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) der ein skal vurdere måten ein vitskapleg artikkel handsamar teori, empiri og forholdet mellom desse på, og i kva grad/korleis den bidrar til utvikling av teori.
Godkjent obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret og dei to etterfølgande eksamenssemestera.
Vurderingsformer
4 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 2500 ord (+/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Studentar med gyldig fråvær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendas til studieveileder.sos@uib.no innan innleveringsfristen.