Masteroppgåva

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet er å utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter, samt evne til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Masteroppgåva byggjer på eit sjølvstendig forskingsprosjekt som endar i ei avhandling. Det er ynskeleg at studentane vel eit prosjekttema innanfor eitt av instituttet sine forskingsområde. Før studenten går i gang med forskingsprosjektet sitt, må han/ho levere ei prosjektskildring til godkjenning ved instituttet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gi grundige utgreiingar om forskinga på det feltet som er relevant for oppgåva sitt tema, og gi kritiske vurderingar av denne forskinga
  • forklare kva krav som vert stilt til og korleis ein arbeider med masteroppgåver og liknande prosjekt

Ferdigheiter

Studenten kan

  • utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer
  • utforme ei vitskapleg problemstilling og forfølgje den gjennom bruk av sosiologisk teori og metode

Generell kompetanse

Studenten kan

  • forholda seg til etiske problemstillingar ein stilles ovanfor i praktisk forskingsverksemd
  • raskt setje seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analyser av aktuelle samfunnsspørsmål på ulike områder

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust
Krav til forkunnskapar
SOS301, SOS302, SOS303, SOS304, SOS340 samt eitt valemne eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Individuell rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av rettleiingskontrakt (2. semester). 
Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåve av eit omfang på 32.000 ord (+/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) samt justerande munnleg.

Innlevert masteroppgåve vert vurdert og karakter sett av ein komitè. Denne karakteren kan justerast ved munnleg eksaminasjon

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Vår og haust

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.sos@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 14 dagers utsatt frist.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.