Dokumentariske produksjonar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette er eit vidtfemnande emne som har som mål å gi studenten kunnskap om, og røynsle med, ulike faktasjangrar. Emnet har fire modular.

Modul 1: Førebuing

Studentane startar med å følgje akademiske førelesingar med tilhøyrande filmvisingar som gir innsikt i dokumentariske tradisjonar og konvensjonar for film, tv og sosiale medier, samt i etiske problemstillingar knytt til verkelegheitsframstillingar. Desse førelesingane blir supplerte med gjesteførelesingar og seminar med representantar frå medieklynga som tek utgangspunkt i arbeidet deira med ulike typar faktaproduksjonar. Praksislærar gir studenten kunnskap om manusskriving for dokumentarfilm, og om planlegging og praktisk gjennomføring.

Modul 2: Intervjuteknikk og studieproduksjon

I samarbeid med journalistikkstudentar vil studentane prøve seg på ulike tilnærmingar til å intervjue forskjellige objekt. Deretter vil dei lage ein fleirkamera-produksjon som kan inkludere element som studio-diskusjon, direktesendte intervju og førehandsinnspelte intervju.

Modul 3: Oppdragsfilm

Studentane skal få erfaring med korleis ein arbeider med korte informasjonsfilmar/reportasjar og sosiale media, frå research til idéutvikling til spissing av bodskap, til visuelt uttrykk. Oppdraga skjer i samarbeid med Bergen Internasjonale Film Festival.

Modul 4: Minidokumentar

Studentane skal produsere ein minidokumentar på 8-12 minutt.

Som del av førebuinga skal studentane også lære korleis å planlegge og pitche dokumentarprosjekt og få tilbakemelding på viktige punkt i produksjonsprosessen.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten...

  • har god kunnskap om dokumentariske tradisjonar, konvensjonar og sjangrar, og evne til å innlemme desse innsiktene i eige arbeid
  • har kunnskap om etiske problemstillingar knytt verkelegheitsframstillingar på film, og evne til å bruke desse innsiktene i eigen praksis

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan planlegge, skrive og gjennomføre dokumentariske produksjonar
  • kan arbeide konseptuelt og praktisk med oppdragsfilm/reportasjar
  • har kunnskap om og trening i ulike praksisar innan dokumentarfilmskaping
  • kan gjere informerte val om kva for tilnærmingar innan filmskaping som passar best for minidokumentarprosjektet

Generell kompetanse

Studenten...

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan fagområdet dokumentarisk produksjon
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor fagområdet, og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor ulike faktasjangrar

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Media City Bergen
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Bachelorprogram i film- og TV-produksjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Workshops, forelesingar, seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Fleirkameraproduksjon og intervjuteknikk
  • Gjennomføre produksjon knytt til oppdragsfilm/reportasjar
  • Deltaking på workshop knytt til produksjon av dokumentarfilm, og gjennomføring av praktisk øving knytt til denne

Studentane skal vurdere kvarandre sine arbeid, i samråd og samarbeid med fagleg stab.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Gyldige obligatoriske krav er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

  • Minidokumentar på 10-12 minutt (gruppevis)
  • Refleksjonssrapport på 4000 ord (pluss/minus 10%) i tilknyting til minidokumentaren (gruppevis)

Det vil bli lagt hovudvekt på minidokumentaren i vurderinga.

Det blir gjort ei samla vurdering av innhaldet i mappa og det blir gitt éin karakter (ingen delkarakterar for dei enkelte mappeelementa).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitenskap
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.