Fordjuping i fagfunksjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- TVP204
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å å sikre studentane meir spesialiserte kunnskapar og ferdigheiter innanfor éin fagfunksjon gjennom workshoppar og førebuingsarbeid til bachelorproduksjonane i siste semester, å gi studentane kunnskap om og ferdigheiter i manusutvikling, og å planleggje/tilretteleggje praksisperioden mot slutten av studiet.
Emnet består av fire modular.
Modul 1: Spesialisering
Dette semesteret skal studentane velje fagfunksjon: anten regi, foto, klipp, lyd eller produsent.
I samband med dette følgjer studentane ein serie workshoppar som skal gje den einskilde meir avanserte kunnskapar om, og ferdigheiter i, sin spesialisering. Studentane blir delte inn i grupper etter fagfunksjon, og følgjer i hovudsak separate workshoppar. Delar av undervisinga er likevel felles for fleire fagfunksjonar.
Modul 2: Praksisførebuing
I denne modulen skal studentane gjera greie for sine faglege kompetansar og yrkesmessige ambisjonar i samband med utplasseringa. Målet er å sikre at alle studentane blir utplasserte i eit fagleg relevant miljø med fagleg relevante arbeidsoppgåver, og at verksemdene får inn motiverte og vel førebudde studentar.
Modul 3: Preproduksjon
I denne modulen skal studentane bearbeide og analysere manusa som dannar grunnlag for bachelorproduksjonane. Dette tjener som vidareutvikling av studentane sine kunnskapar og ferdigheiter i deira fagfunksjon gjennom førebuingsarbeid til bachelorproduksjonane, og involverer typisk oppgåver som å finne locations, casting, prøveopptak og produksjonsplanleggjing.
Modul 4: Oppdragsfilm
I denne modulen skal studentane utføre diverse praktisk produksjonsarbeid, som typisk vil vere UiB-internt. Føremålet er å byggje ytterlegare kompetanse i eigen fagfunksjon, og å lære meir om samarbeidsrelasjonar på ulike typar medieproduksjonar. Modulen er også eit høve for gruppene til å leggje seg opp eit produksjonsbudsjett til bachelorfilmane.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- har analytisk og teoretisk kunnskap som er relevant for sin fagfunksjon gjennom spesialiseringsworkshopane
- har kunnskap om dramaturgi, narrativ terori og sjangerteori
- har bransjekunnskap gjennom praksisførebuingsarbeidet
Ferdigheiter
Studenten
- har spesialiserte ferdigheiter innan ein av fagfunksjonane regi, foto, lyd, klipp eller produsent i samband med spesialiseringsworkshoppar og preproduksjon til bachelorproduksjonane
- har meir praktisk røynsle med oppdragsfilm
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan sin valde fagfunksjon
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor fagfunksjonen, og såleis bidra til å utvikle god praksis
- kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor valde fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
- kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe med ulike fagfunksjonar, og i tråd med etiske krav og retningsliner
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MEVI254 (10 studiepoeng)
TVP202 (20 studiepoeng)
TVP203 (10 studiepoeng)
TVP201 (30 studiepoeng)
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
TVP103 gir fritak fra manusmodulen.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.