Masteremne i tyskspråkleg litteratur
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- TYS309
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Tysk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
TYS309 tek føre seg eit avgrensa område innanfor moderne tyskspråkleg litteratur og litteraturvitskap, der både historiske, teoretiske og metodiske spørsmål blir behandla.
Emnet kan til dømes ha eit litteraturhistorisk utgangspunkt eller vere konsentrert omkring forfattarskap, sjangrar eller litteratur- og kulturvitskaplege problemstillingar.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten
- har inngåande kunnskapar om og god innsikt i eit spesialisert tema innan tyskspråkleg litteratur og litteraturvitskap.
Dugleik:
Studenten
- kan anvende og reflektere sjølvstendig over teoretiske og metodiske tilnærmingar innanfor eit avgrensa vitskapeleg område
- kan presentere, analysere og samanlikne ulike framstillingar, teoriar og metoder innanfor fagområdet
- er i stand til å arbeide kritisk med relevante kjelder og bibliografiar
- kan presentere og sjølvstendig vurdere litteraturvitskapelege problemstillingar
- kan analysere utvalte litterære tekster ut frå ulike litteraturvitskaplege perspektiv
- kan bruke eit presist omgrepsapparat på ulike typar tekstar og problemstillingar
Kompetanse:
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing
- kan bruke eit vitskapleg omgrepsapparat i behandlinga av eit komplekst tema
- kan presentere og forholde seg til faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor moderne tyskspråkleg litteraturvitskap på eit adekvat fagspråk, både munnleg og skriftleg
- kan bruke sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
- 1 dobbeltime per veke
- 12 veker
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I samband med undervisninga skal det skrivast éi øvingsoppgåve på om lag 2000 ord.
Oppgåva må vere godkjend av den einskilde faglæraren.
Arbeidskravet er gyldig i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.
Vurderingsformer
Eksamen er ein ei vekes heimeeksamen på 3000-4000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste, og ein munnleg eksamen på om lag 30 minutt.
Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne, men det kan òg stillast spørsmål til heimeoppgåva og pensum.
Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeoppgåva 60 % og den munnlege eksamenen 40%.
Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav