Innføring i europeisk historie og politikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk er eit samarbeid mellom Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og Institutt for samanliknande politikk. Emnet er sett saman av to hovuddelar:
  1. Idear og førestillingar om Europa frå antikken til andre verdskrig.
  2. Europeisk politisk historie og det europeiske integrasjonsprosjektet etter 1945, inkludert tilhøvet mellom Noreg og EU, EØS-avtalen og haldningar til europeisk samarbeid og integrasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • gjere greie for korleis idear og førestillingar om Europa har utvikla seg frå antikken til i dag.
  • gi oversyn over den moderne politiske historia i Europa med hovudvekt på det europeiske integrasjonsprosjektet frå 1945 til i dag.
  • gjere greie for det politiske systemet og dei sentrale politiske institusjonane i EU.
  • gjere greie for tilhøvet mellom Noreg og EU, historisk og institusjonelt gjennom EØS-avtalen.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • diskutere den politiske historia i Europa med hovudvekt på det europeiske integrasjonsprosjektet frå 1945 til i dag.
  • drøfte utfordringar og problem med det politiske systemet og dei sentrale politiske institusjonane i EU.
  • gjere greie for og diskutere Noregs haldning til og rolle i europeisk samarbeid og integrasjon frå 1945 til i dag.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • diskutere og stille seg kritisk til fagstoff og fagleg argumentasjon.
  • skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk.
  • halde empiriske døme opp mot modellar, teoriar og kategoriar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminargrupper
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Eksamen er ei mappevurdering:

  • Del 1: ei oppgåve på maksimalt 1500 ord (25 %).
  • Del 2: åtte timar heimeeksamen (75%)

Det blir gitt ein samla karakter

Eksamen vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Vår

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:

  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturliste blir gjort tilgjengeleg innan 01.07
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Institutt for samanliknande politikk
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for samanliknande politikk har det administrative ansvaret for emnet.