Innføring i europeisk historie og politikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- EUR101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk er eit samarbeid mellom Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og Institutt for samanliknande politikk. Emnet er sett saman av to hovuddelar:
- Idear og førestillingar om Europa frå antikken til andre verdskrig.
- Europeisk politisk historie og det europeiske integrasjonsprosjektet etter 1945, inkludert tilhøvet mellom Noreg og EU, EØS-avtalen og haldningar til europeisk samarbeid og integrasjon.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for korleis idear og førestillingar om Europa har utvikla seg frå antikken til i dag.
- gi oversyn over den moderne politiske historia i Europa med hovudvekt på det europeiske integrasjonsprosjektet frå 1945 til i dag.
- gjere greie for det politiske systemet og dei sentrale politiske institusjonane i EU.
- gjere greie for tilhøvet mellom Noreg og EU, historisk og institusjonelt gjennom EØS-avtalen.
Ferdigheiter
Studenten kan
- diskutere den politiske historia i Europa med hovudvekt på det europeiske integrasjonsprosjektet frå 1945 til i dag.
- drøfte utfordringar og problem med det politiske systemet og dei sentrale politiske institusjonane i EU.
- gjere greie for og diskutere Noregs haldning til og rolle i europeisk samarbeid og integrasjon frå 1945 til i dag.
Generell kompetanse
Studenten kan
- diskutere og stille seg kritisk til fagstoff og fagleg argumentasjon.
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk.
- halde empiriske døme opp mot modellar, teoriar og kategoriar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på seks timar.
Eksamensoppgåva vert formulert på undervisningsspråket i emnet.
Norsk, svensk, dansk eller engelsk kan nyttast i eksamenssvaret.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5. Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb.