Bacheloroppgåve i pedagogikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PED212
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Bacheloroppgåve-emnet legg vekt på at studentane skal utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein føremålstenleg arbeidsmåte. Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å arbeide med ei problemstilling. Prosjektoppgåva kan leggje eit metodisk grunnlag for framtidig arbeid med ei masteroppgåve, og kan også tematisk danne opptakta til ei slik vidareføring innanfor det temaområdet som vert valt.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten...
- har tileigna seg kunnskap innanfor eit valt fordjupingsområde
- kan gjere greie for det valde fordjupningsområdet sin relasjon til pedagogikkfaget
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan tolke, analysere og vurdere innhald og metode i pedagogisk forsking
- kan tenke og arbeide vitskapeleg
- kan meistre formelle og faglege krav til eit vitskapelig arbeid
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan planlegge og gjennomføre eit større sjølvstendig arbeid
- kan kommunisere i eigna former om faglege spørsmål
- kan identifisere og handtere forskingsetiske spørsmål
- kan reflektere kritisk over faglege problemstillingar
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett som er tatt opp på bachelorprogram i pedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, grupperettleiing, individuell rettleiing og tilbakemelding på oppgåveutkast.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen består av to komponentar:
- Ei bacheloroppgåve. Bacheloroppgåva skal vere på 7000 ord (+/- 10%) om man skriv aleine, skriv ein to saman skal den vere på 10 000 ord (+/- 10 %). Formkrav for oppgåva er spesifisert i rettleiingsheftet.
- Ein munnleg prøve. Det blir gitt ein foreløpig karakter på bacheloroppgåva før munnleg prøve. Munnleg har ein justerande funksjon.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Insittutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet