Pedagogisk filosofi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- PED111
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet er ein grunnleggjande innføring i pedagogisk filosofi og idéhistorie, der omgrepa kunnskap, danning og medborgarskap utgjer sentrale kategoriar. Studentane sitt arbeid med dette emnet skal utvikle deira forståing for korleis ein kan diskutere pedagogisk-filosofiske spørsmål i pedagogikk. Arbeidsmåten utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.
Eit mål er å gje studentane innsikt i korleis pedagogisk filosofi og idéhistorie kan bidra til å problematisere ulike grunngjevnader for pedagogisk praksis. Eit anna mål er å gjera studentane i stand til å drøfte spørsmål knytte til pedagogiske fenomen som undervisning, læring, kunnskap, oppseding, danning og medborgarskap. Eit tredje mål er å tilby studentane eit grunnlag for å forstå forholdet mellom pedagogikkfaget sine praktiske og teoretiske dimensjonar ved at det blir lagt særleg vekt på dei kunnskapsteoretiske sidene ved pedagogisk praksis.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten...
- har kunnskap om og forståing for sentrale pedagogisk-filosofiske perspektiv og arbeidsmåtar
- har kunnskap om fagområdets eigenart og forhold til pedagogikkfaget generelt
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan anvende eit pedagogisk-filosofisk kunnskapsgrunnlag i drøfting av utdanning, danning, kunnskap, læring og medborgarskap
- kan reflektere kritisk over pedagogikkfaget, både i sin teoretiske og praktiske dimensjon
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan diskutere grunnar og føresetnader for pedagogisk praksis
- kan kommunisere pedagogisk-filosofisk fagstoff både munnleg og skriftleg
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
- 5-timar skuleeksamen