Utdanning i eit samfunn i endring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Med utgangspunkt i pedagogisk og samfunnsvitskapeleg teori og forsking belyser emnet korleis sentrale globale samfunnsendringar får betydning for norske/nordiske utdanningssystem. Studentane vil lære å identifisere og diskutere teoretiske, pedagogiske og utdanningspolitiske idear om utdanningsinstitusjonars formål og funksjon, samt relasjonar og spenningar mellom globale utdanningspolitiske idear, internasjonale organisasjonar og nasjonal utdanningspolitikk.

Emnet handlar om tema som demografiske endringar, globalisering, standardisering og digitalisering, og tar for seg teoriar om styring av utdanningssektoren og kva funksjon utdanning har i samfunnet. På bakgrunn av dette diskuterast moglegheiter og utfordringar i dagens utdanningssystem og utdanningsinstitusjonar.

Kombinasjonen av litteraturstudiar, forelesningar og seminar støtter studentanes utvikling av en kritisk forståing av samfunnsendringar, utdanningspolitikk, styring av utdanningssektoren og formålet med utdanning.

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om utdanningsinstitusjonars funksjon i samfunnet
  • har kunnskap om utdanningsinstitusjonars potensielle utfordringar i et globalisert og digitalisert kunnskapssamfunn
  • forstår sentrale teoriar, perspektiv og omgrep i emnelitteraturen
  • har kunnskap om sentrale styrings- og utdanningspolitiske idear
  • har kunnskap om nyare utvikling og reformer i det norske utdanningssystemet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan diskutere spørsmål knytt til utfordringar for utdanning i et samfunn i endring ved hjelp av relevante perspektiv, kunnskap og omgrep frå utdannings- og samfunnsvitskapeleg forsking og teori
  • kan reflektere kritisk over utdanningsinstitusjonars formål og funksjon i samfunnet
  • kan samanfatte og kommunisere relevant kunnskap frå emnets litteratur

Generell kompetanse

Studenten

  • kan tenke kritisk om sentrale samfunnsendringar og -strukturer
  • kan bruke faglege omgrep på en relevant måte
  • kan lese og trekke ut relevant kunnskap frå faglege tekster

Fulltid/deltid

Full-time

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett i bachelorprogrammet i pedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av førelesingar og seminar. Læringsutbyttene i emnet forutsett aktiv deltaking i undervisninga og å møte forberedt til seminar, som vil være organisert fysisk på campus.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta i minst 80% av undervisningsøktene. Det obligatoriske arbeidskravet må være godkjent for å gå opp til eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 12 dagar, med oppgitt oppgåvetekst på 2500 ord +/- 10%.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i påfølgande semester til studenter som var undervisningsmeldde semesteret før
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet