Kurs og workshops

Kvinner i revolusjon: Iran og Sudan


Bilde
Grafitti på vegg viser kvinne med teksten 'sudan revolution' under
Foto: Bergen Global

Kva roller har kvinner spelt i demonstrasjonane i Sudan og Iran? Korleis balanserer dei religion og tradisjon med revolusjon? Og kva innverknad har faktorar som alder, etnisitet og klasse?

Kvinnelege revolusjonære i Sudan og Iran har fanga verdas merksemd dei siste åra.
Alaa Salah vart ikonisk under revolusjonen i Sudan i 2019. Ho var langt frå den einaste, og kvinner leia demonstrasjonar over heile landet. Hausten 2022 utløyste Mahsa (Jina) Aminis dødsfall i politiets varetekt store protestar i Iran, og kvinner held fram med å høglytt krevje regimeendring.

Vi har invitert to forskarar som kjenner Iran og Sudan godt, Gilda Seddighi (ekstern lenke)(Norce) og Liv Tønnessen (ekstern lenke)(CMI/LawTransform). Professor Anne Bang (ekstern lenke)(UiB) vil leie samtalen.

Arrangementet er del av programmet tilKvinnefesivalen i Bergen (ekstern lenke).

 

Panel:
Gilda Seddighi (ekstern lenke) er seniorforskar ved NORCE. Ho har doktorgrad i kjønn og mediastudier, med forskarinteresser innan representasjonar av kjønn og konstruksjonar av identitet og opinion i digtale media og digitaliseringsprosessar.
Liv Tønnessen (ekstern lenke)er seniorforskar ved CMI/Center on Law and Social Transformation. Ho er statsvitar med kjønn og politikk i Midtausten og Nord-Afrika som hovudfelt, og har spesialisert seg på sudansk politikk.
Anne Bang (ekstern lenke) er professor i historie ved UiB. Ho har islamsk historie som hovudfelt, med særleg fokus på muslimske samfunn i Aust-Afrika og områda rundt Indiahavet.