Kvalitativ mediebruksanalyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Korleis kan vi forstå kva media og kommunikasjon betyr i folk sine liv? Dette emnet gir fordjuping i kvalitativ forsking på mediebruk, med avanserte analytiske perspektiv og metodar. Emnet tek utgangspunkt i aktuelle spørsmål i samfunnet og i mediebruksforskinga, og viser korleis ein kan nytte kvalitative data og tenkemåtar i djuptgåande analyser. Aktuelle tema er den digitale kvardagen, mediebruk på tvers av plattformar, erfaringar med nyheiter og sosiale medium, eller opplevingar av kunstig intelligens og algoritmar. Den metodiske opplæringa vektlegg forskingsetikk og samanhengar mellom teori og analyse, og viser korleis ein kan nytte innovative kvalitative teknikkar. 

Målet for emnet vert nådd gjennom to element: For det første seminar med kritisk diskusjon av faglitteratur knytt til eit aktuelt tema om mediebruk, og for det andre gjennomføring av eit forskingsprosjekt der studentane i grupper undersøkjer ei konkret problemstilling kvalitativt. Prosjektet vert gjennomført i grupper under rettleiing.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskapar

Studenten 

  • har avansert kunnskap om forsking på mediebruk knytt til eit aktuelt tema
  • har inngåande kjennskap til teoretisk, metodisk og forskingsetisk grunnlag for kvalitative analyser av mediebruk
  • kan drøfte samanhengar mellom mediebruk, kvardagsliv, teknologi og demokrati

Ferdigheiter

Studenten 

  • meistrar avanserte perspektiv for kvalitative analyser av mediebruk
  • kan bidra til å organisere og utføre eit prosjekt i grupper, med utforsking av ei konkret problemstilling
  • kan nytte innovative kvalitative teknikkar i forsking mediebruk

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan nytte avansert teori og metode i analyse av aktuelle problemstillingar om mediebruk
  • kan presentere eigen og andre si forsking gjennom varierte formidlingsformer 
  • kan ta del i nytenking om kva digitalisering betyr for menneske, samfunn og kultur

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Bachelor i medier og kommunikasjon, medievitskap, eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
MEVI302 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medium og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar og prosjektarbeid i grupper under rettleiing. 
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Munnleg presentasjon av pensumtekst
  • Deltaking i prosjektarbeid i grupper

Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler.

  • Rapport frå prosjektarbeidet, skrive i grupper. Omlag 5000 ord, eller eit anna formidlingsformat fastsett av emneansvarleg. Tél 40 prosent av samla karakter.
  • Munnleg individuell eksamen. Tél 60 prosent av samla karakter.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.