Praksis i arbeidslivet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- AHKR201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Praktikantopphaldet skal bidra til å utvikla den faglege kunnskapen til studentane i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verta meir medvitne om eiga yrkesrolle og om korleis det er å arbeida ved bedrifter/institusjonar der utdanninga er relevant.
Innhald
Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den bedrifta/institusjonen dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante for deira faglege kompetanse og arbeidsstaden sine behov. Arbeidsoppgåvene til den enkelte student vil verta konkretiserte i ein kontrakt mellom studenten og den enkelte institusjon/bedrift.
Sjå informasjon om dei ulike bedriftene/institusjonane som deltek i emnet her: www.uib.no/ahkr/45357/ahkr201-%E2%80%93-praksisemne-ved-ahkr
Læringsutbyte
Kunnskapar
Gjennom praksisopphaldet har kandidaten tileigna seg erfaringar og kunnskapar relevante for den bedrifta/institusjonen han har praksisopphald ved, og dei arbeidsoppgåvene han blir sett til. Kandidaten har kunnskap om korleis bedrifter/institusjonar organiserer arbeidet sitt, og relaterer faglege spørsmål til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
Ferdigheiter
Kandidaten kan nytta fagleg kunnskap i ein praktisk arbeidssituasjon og reflektera over dei val som vert gjorde. Kandidaten kan bruke presentasjonsverktøy til formidling.
Generell kompetanse Kandidaten kan planleggja og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe. Kandidaten kan utveksla synspunkt og erfaringar om fagleg verksemd og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis og kan også reflektera over eiga rolle i arbeidssituasjonen. Kandidaten kan formidle kunnskapar og erfaringar munnleg og visuelt på ein konsis måte til ei større gruppe.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet har eit eige opptak, og har plass til inntil 15 studentar.
Søknadsprosedyre
Ein søkjer gjennom eit digitalt skjema frå AHKRs nettsider her: skjemaker.app.uib.no/view.php?id=2926566
Søknaden skal mellom anna innehalda ein motivasjonstekst som saman med karakterar og studieprogresjon vil verte vurdert i opptaksprosessen.
Søknadsfrist
15.januar for opptak i følgjande semester.
Arbeids- og undervisningsformer
Form: Seminar og rettleiing i grupper
Tal veker: om lag 16 veker
Ved semesterstart vert det halde eit orienteringsmøte med fokus på å førebu studentane på praksis, der ein viktig del er å gjera studentane medvitne om sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. På orienteringsmøte vil også deltakande bedrifter/institusjonar presentera seg og dei tilbod dei har til studentane.
Studentane får rettleiing både frå bedrifta/institusjonen og frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Kvar student får individuelle tilbakemeldingar på presentasjonar i grupper på instituttet. Det vert lagt opp til fleire fellessamlingar der studentane drøftar og presenterer institusjonane/bedriftene og arbeidsoppgåvene dei har hatt der. I tillegg til dette vert eksamen arrangert som eit avslutningsseminar der studentane held innlegg og munnleg presenterer erfaringar frå praksisopphaldet sitt for alle medstudentane og representantar frå praksisplassane..
I den endelege presentasjonen (eksamen) skal studentane presentere praksisinstitusjonen, greia ut omarbeidsoppgåvene sine, drøfta sin eigen kompetanse i forhold til praksisen og reflektera over praksissemesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten må ha oppfylt følgjande arbeidskrav:
- Deltaking på all undervisning
- Om lag 200 timars praksisperiode i ein godkjend institusjon/bedrift etter ein kontrakt inngått mellom student, AHKR og institusjonen/bedrifta. Arbeidet med presentasjonen vert ikkje inkludert i dei 200 timane.
- Levere to presentasjonar skriftleg (som fil frå powerpoint eller liknande presentasjonsverktøy) og framføre desse munnleg på seminar. Framføringane skal vere på om lag ti minuttar.
- Kommentera deiandre studentane i gruppa sine presentasjonar munnleg på to seminar.
- Innlevering av loggbok godkjent av institusjonen/bedrifta
- Godkjent litteraturliste av emneansvarleg
Obligatoriske arbeidskrav er gjeldande i to semester inkludert undervisningssemesteret.