Generell anatomi og fysiologi inkludert ernæring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Det vert gjeven ei generell innføring i cellene, veva og kroppen sin bygnad og funksjon.

Undervisninga integrerer kunnskap i anatomi og fysiologi, og har som mål at studentane skal få ei forståing av korleis kroppen sine organsystem samarbeider for å sikre at alle cellene i kroppen til ei kvar tid lever i eit optimalt miljø. Det vert fokusert på korleis det indre miljøet i kroppen (homeostasen) vert overvaka 24 timar i døgnet gjennom nervøse og hormonelle refleksar, og kvifor denne overvakinga er naudsynt for at kroppen skal fungere normalt.

Emnet inneheld også ei grunnleggjande innføring i ernæringslære, som skal gje innsikt i samspelet mellom kosthald og helse. Målet er at studentane skal verte bevisste på generelle ernæringsråd, og at ernæringsråd som gjeld oral helse også spelar inn på helsa generelt.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

Kunnskapar

  • Beskrive nokre viktige anatomiske definisjonar
  • Beskrive den normale bygnaden av kroppen generelt, på celle-, vev- og organnivå
  • Forstå prinsipp for bygnaden og funksjonen til kroppen, inkludert homeostase
  • Beskrive sentrale fysiologiske prosessar i menneskekroppen som nervøs og hormonell kontroll, respirasjon og gasstransport, sirkulasjon, muskelkontraksjon og seksualfysiologi
  • Beskrive essensielle næringsstoff og deira viktigheit for tannhelsa og generell helse

Ferdigheiter

  • Forklare bygnaden og funksjonen til kroppen og dei enkelte organa på ein enkel, men korrekt måte.
  • Forklare basale fysiologiske og ernæringsmessige forhold som kan påverke helsa til ein pasient.
  • Delta i fagleg diskusjon med medstudentar og undervisarar om kroppen og om ernæringslære.

Studiepoeng, omfang

10 SP

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
TPBAFYS (5 SP)
Krav til studierett
  • Bachelorprogram i tannpleie
  • Sivilingeniørstudiet i data science
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og oppgåveløysingsseminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
2 timar skriftleg eksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Programansvarlig
Programutvalg for odontologiske fag
Administrativt ansvarlig
Institutt for biomedisin