Algoritmar og programmering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane ei praktisk innføring i programmering ved hjelp av programmeringsspråket Python. Emnet dekker enkle prinsipp innan programmering og algoritmar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar og ferdigheiter.

Kunnskapar:

Studenten

  • har grunnleggande forståing for programmering
  • har grunnleggande vokabular knytta til programmering

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan skrive og kjøyre enkle programmer
  • kan tolke ei feilmelding og feilsøkje enkle programmer
  • kan lagre data på ulike måtar
  • kan utføre enkle behandlingsoperasjonar på datasett
  • kan forstå enkle programmer skrevet av ein tredjepart
  • kan finne relevant informasjon i dokumentasjonen til eit programmeringsspråk og bibliotek

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Digitalt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

Overlappar 2,5 studiepoeng mot følgjande emne:

INF100

INFO132

DATA110

INF109

MIX101

INF620

INF630

LING123

DIGI111

Krav til studierett
Oppstart på emnet krev opptak til emne via UiB videre
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformene er organisert som nettbasert undervisning, gruppearbeid og digitale læringsressursar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurdering i emnet skjer fortløpande ved bruk av obligatorisk quiz og oppgåver om sentrale tematikkar. Obligatorisk quiz og aktivitetar er berre gyldig i 1 semester (undervisningssemesteret).
Vurderingsformer
Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærar.
Karakterskala
Bestått/ ikkje bestått
Vurderingssemester
I Undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 1.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.