Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ENG227
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG227 (skoleeksamen) eller ENG267 (semesteroppgåve).
Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentene til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg perspektiv.
Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG227, ENG265 (semesteroppgåve i språkhistorie).
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket
- har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke lingvistiske metodar til å kaste lys over aspekt ved det engelske språket
Generell kompetanse
Studenten
- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115) og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), ENG122 og , ENG125 eller tilsvarande.
For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.
Skoleeksamen kan bli digital.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggjande emne i moderne engelsk lingvistikk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1.12. for vårsemesteret.