Examen philosophicum - seminarmodell
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- EXPHIL-KMSEM
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for dei humanistiske vitskapane, til dømes kunnskapsteori, etikk, estetikk og språk- og argumentasjonslære.
Dugleikar og kompetanse
Studenten meistrar
- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå dei humanistiske vitskapane og offentleg debatt
- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar innanfor dei humanistiske vitskapane og offentleg debatt
- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg kjeldehandsaming
Studiepoeng, omfang
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen, § 8-1.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal
- ta del i minst 75% av seminara
- gi munnleg presentasjon i seminaret
- levere utkast til seminaroppgåve
- møte til rettleiing
- få godkjent 75% av emnets læringspakker
Godkjenninga er gyldig berre i semesteret for godkjenning.
Vurderingsformer
Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva vurdert.