Examen philosophicum - seminarmodell
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- EXPHIL-SVSEM
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for samfunnsvitskapen, til dømes kunnskapsteori, etikk, politisk filosofi og språk- og argumentasjonslære.
Dugleikar og kompetanse
Studenten meistrar
- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå samfunnsvitskap og offentleg debatt
- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg kjeldehandsaming
Studiepoeng, omfang
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet har avgrensa tal på plassar. Nye studentar på bachelorprogram blir prioriterte først, etter det studentar på årsstudia. Det er halde av plassar til studentane på dei studieprogramma som har ex.phil. i eit seinare semester i studieplanen.
Søknad om plass ved undervisningsmelding i Studentweb.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og seminarsamlingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal
- ta del i minst 75% av seminara
- gi munnleg presentasjon i seminaret
- levere utkast til seminaroppgåve
- møte til rettleiing
- få godkjent 75% av emnets læringspakker
Godkjenninga er gyldig berre i semesteret for godkjenning.