Atmosfære- og havfysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- GEOF105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med emnet er å gjennomgå grunnleggjande eigenskapar i meteorologi og fysisk oseanografi på ein kvantitativ måte. Vekselverknaden mellom hav og atmosfære er ein sentral del av emnet. For havet gjennomgåast verknaden av vind i form av overfaltebølgjer, Ekmanlag og Ekmantransport, blandingsprosessar, ferskvanntilførsel, effekter av virvlar, og sirkulasjon i fjordar og kopling til havet utanfor. For atmosfæren vert det lagt vekt på atmosfærisk termodynamikk, nedbør, skyfysikk, energibalansen og varmefluksar. Som ein del av emnet deltar studentane på eit tokt med både oseanografisk og meteorologisk feltarbeid der det nyttast vanlege måleinstrument. Studentane utfører òg laboratorieeksperiment og lærer om tolking av operasjonelle vêrprognosar.
Sjå video fra kurset: https://player.vimeo.com/video/317848387
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- skal kunne bruke fagterminologi til å beskrive og vurdere sentrale prosessar i hav- og atmosfærefysikk
- skal kunne gjenkjenne utledning av fundamentale likningar som skildrar termodynamikk og prosessar i hav- og atmosfære
- skal kunne skildre dei grunnleggjande prinsipp innan atmosfærisk og oseanografisk termodynamikk, og utvalde fysikalske og kjemiske prosessar
- skal kunne forklare korleis vind og endringar i tettleik skapar sirkulasjon i fjordar, langs kysten og globalt
- skal kunne gjere greie for enkle typar overflatebølgjer i havet
- skal kunne gjengi måleprinsipp og feilkjelder til ulike typar måleinstrument for atmosfæren og havet
- skal kunne skildre samanhengen mellom ulike atmosfæriske prosessar i ulike vêrsystem
- skal kunne definere og greie ut om ulike fluksar av varme, ferskvatn, karbon, rørslemengd og masse i og mellom hav og atmosfære
Ferdigheiter
Studenten
- skal kunne gjere enkle berekninar av sstuarin sirkulasjon og Ekmantransport
- skal kunne tolke atmosfæriske måledata frå vêrstasjonar, radiosonder, vêrradar og vêrsatellitt
- skal kunne bruke programvare for å analysere aktuelle og varsla vêrsituasjonar
- berekne tilstand, fluksar og prosessar i hav
- skal kunne skissere utvikling av blandelag som vert påverka av ulike fluksar (temperatur, ferskvatn) eller vind
- skal kunne utføre enkle meteorologiske og oseanografiske observasjonar i felt og laboratoriet
- skal kunne bruke koding for å lage figurer, samt analysere og diskutere måledata
Generell kompetanse
Studenten
- skal kunne skildre, analysere og rapportere observasjonar frå laboratorieeksperiment og tokt
- skal kunne planleggje og gjennomføre enkle felteksperiment under rettleiing
- skal kunne framstille resultat frå gruppearbeid som skriftleg rapport og munnleg presentasjon
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34.
Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesningar med fokus på aktiv læring, tokt, laboratorieeksperiment og rekneøvingar.
Aktivitet: 4 timar førelesning og 2 timar laboratoriearbeid eller rekneøvingar pr. veke i 15 veker
Tokt: ein arbeidsdag.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte på første læringsøkt og toktplanlegging
- Deltaking i labforsøk og kvarandrevurdering av 1 laboratorierapport
- Deltaking på tokt, godkjent toktformidling
Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i semesteret dei blir godkjent og i tre påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Sammensett vurdering
Den sammensette vurderinga består av
- Ein laboratorierapport i oseanografi
- Ein laboratorierapport i meteorologi somb estår av ein grupperapport og presentasjon
- Skriftleg skuleeksamen (4 timar)
- Frivillige quizar som kan gi opptil 8 ekstra prosentpoeng på skriftleg eksamen.
Laboratorierapportane er gyldige i semesteret dei er elvert, og i eitt påfølgjande semester. Poengsummar frå delvurderingane blir rekna saman for å bestemme sluttkarakteren i emnet.
Prosentfordelinga for kor mykje rapportane og slutteksamen tel blir bestemt i samarbeid med studentane i løpet av dei fyrste 2 undervisningsvekene. Skriftleg eksamen kan ikke telle mindre enn 50 % av endeleg karakter. Prosentfordelinga som er brukt i undervisnignssemesteret vil også gjelde for tidleg eksamen i det påfølgjande semesteret.