Integrert feltkurs i tektonikk og sedimentologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOV362
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje ei bred forståing av samspelet mellom tektonikk, bassengdanning og sedimentasjon både generelt og spesifikt i område med kontraksjon/fjellkjededanning. Emnet har også som mål å gje ei god forståing av kontraksjonstektonikk og source-to-sink-konsept i ulike sedimentære system.
Innhald:
Kurset gir grunnleggjande innføring i feltgeologiske metodar i sedimentologi og strukturgeologi i eit område med blottingar av høg kvalitet. Metodane demonstrerast i ulike strukturelle regime og sedimentære avsetningsmiljø. Strukturgeologien dekker hovudsakleg folde-skyvestrukturar og strøkforkastingar i stor og liten skala. Studentane arbeider i grupper og får i oppgåve å skildre og tolke bergartar med omsyn til sedimentære prosessar, paleomiljø og strukturell stil og historie.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare sentrale anatomiske trekk ved ei kontraksjonsfjellkjede
- forklare source-to-sink konsept med bruk av døme frå ulike sedimentære system
- diskutere utvikling av sedimentære basseng
- diskutere samanhengen mellom tektonikk og sedimentasjon i sedimentære bassen
Dugleikar
Studenten kan
- samle inn sedimentologiske og strukturgeologiske data
- konstruere grafar og figurar for å illustrere og visualisere geologiske data
- kjenne igjen og diskutere samanhengen mellom observasjonar og geologiske prosesser
- gjennomføre avanserte søk etter relevant geovitskapleg litteratur, og nytte korrekt kjeldehenvising
- føre gode og nøyaktige feltnotat
Dugleik
Studenten kan
- nytte eit presist geologisk fagspråk til å skildre og diskutere geologiske prosessar og hendingar
- demonstrere evne til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
- erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i geosystemet, og vår avhengighet av og innverknad på geosystemet.
Undervisningssemester
Annenhver vår, partallsår.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet