Innføring i Geofag og berekraft: Geofag i praksis
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOV603
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gir ei innføring i dei praktiske sidene av geofaget, basert på det teoretiske grunnlaget som vert undervist i GEOV601 og GEOV602. Emnet fokuserer på geofagleg feltarbeid, observasjon og tolking av geologiske strukturar og prosessar, geofaglege arbeidsmetodar og -verktøy, samt geofag i arbeidsliv og samfunn. I tillegg har modulen ekstra fokus på didaktiske tema og læring i geofag og geografi.
Innhald:
Kurset består av førehandsinnspelte undervisningsvideoar og praktiske øvingar som blir gjennomgått digitalt, samt digitalt feltkurs med moglegheit for å løyse oppgåver både i digitalt datasett og ute i naturen. Digitale feltressursar (video og digitale oppgåver i felt) vil vere tilgjengeleg i store delar av landet. Gjennom øvingar og feltarbeid skal studenten identifisere og klassifisere dei vanlegaste jordartane, minerala og bergartane, samt tolke topografiske og geologiske kart og innhente informasjon om geologisk historie gjennom observasjonar i felt (både digitalt og i nærmiljøet). Kurset inneheld tre digitale kveldssamlingar med øvingar og gruppediskusjon, samt ei fysisk samling med årleg rotasjon mellom ulike byar i Noreg (felles med kursa GEOV601 og GEOV602). Ved behov vil denne bli tilrettelagt for hybrid deltaking. Kurset har og fokus på didaktikk og geofaget sin relevans for samtida og framtida.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- Innhente, beskrive, tolke og forklare geologiske observasjonar
- forklare geologiske prosessar basert på øvingar og demonstrasjonar
- forklare dei vanlegaste geofaglege arbeidsmetodar og verktøy
- klassifisere, skildre og diskutere danninga av dei vanlegaste sedimenta og bergartane
- gjere greie for geologisk historie på bakgrunn av geologisk informasjon
- gjere greie for geofaget si rolle i arbeidsliv og samfunn
Ferdigheiter
Studenten kan
- planlegge enkelt feltarbeid og innhente naudsynt informasjon for gjennomføring
- utarbeide feltbaserte undervisningsøvingar for skuleelevar
- tolke topografiske og geologiske kart og konstruere geologiske profil basert på desse
- gjere observasjonar og gjennomføre innsamling av geologiske data i felt på ein forsvarleg måte i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer
- diskutere geologiske observasjonar og tolkingar frå felt og øvingar
- måle orientering på geologiske plan ved hjelp av kompass
- samfatte tileigna kunnskap frå felt i rapportformat
Generell kompetanse
Studenten kan
- nytta eit presist geologisk fagspråk til å skildre geologiske prosessar og hendingar
- innhente, tolke, vurdere og presentere informasjon frå litteratur og felt
- demonstrere evne til å arbeide individuelt og saman i grupper
- formidle faget sin relevans i samfunnet
- kople emnet opp mot FN sine berekraftsmål
- nytta geofagdidaktiske metodar for å formidle geofag