Gresk tekstpensum I

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Studiet vil gi studentane auka kjennskap til gresk språk og litteratur

Innhald: Studenten les eit gresk tekstpensum, anten innan eit spesifikt felt definert etter sjanger, tema, periode, dialekt eller stil, eller et utval tekster frå ulike felt med sikte på brei kompetanse. Ei tilrådd inndeling er å lese prosa på GRE301, medan ein les drama og poesi på GRE303. I tillegg les ein på begge emna sekundærlitteratur om dei aktuelle greske tekstane.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

- inngåande kjennskap til gresk språk og grammatikk

- inngåande og detaljert kunnskap om valde greske forfattarar og tekster

- innblikk i forskinga på dei valde greske forfattarane og tekstene

Ferdigheiter

Kandidaten kan

- omsette dei valde tekstane utan hjelpemiddel

- relatere greske tekster frå ulike sjangrar med kvarandre, den greske litteraturhistoria og den breiare historiske bakgrunnen

- tileigne seg hovudmomenta i innhaldet i ein ukjend gresk tekst utan hjelpemiddel

Generell kompetanse

Kandidaten kan

-forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust etter behov

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Minst 90 studiepoeng i gresk på bachelornivå (eller dokumentert tilsvarande kunnskapar).
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i gresk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir om råd er samordna med undervisninga på tilsvarande kurs på 200-nivå, elles i form av individuell rettleiing. Studentane skal også parallelt følgje dei metode- og oppgåveseminara som blir gitt ved fagmiljøet for å få metodisk og anna fagleg skolering som kan kome til nytte i tekststudiet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår/haust etter behov. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 200 sider gresk prosatekst (30 linjer = 1 side), eller 4000 linjer gresk vers, eller en vekta kombinasjon av vers og prosa; i tillegg skal ein velje eit utval sekundærlitteratur relatert til dei greske tekstane. Tekster blir valt av studenten i samråd med rettleiar.

Tekster som har inngått i bachelorgraden kan ikkje leggjast opp på nytt.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Gresk ordbok av omfang som C. Berg, Græsk-dansk ordbog eller Liddell & Scott, Intermediate Greek-English Lexicon.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.