Innføring i data science

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I dagens informasjonssamfunn er vi i stor grad utsette for viktige utfordringar innan data science i forsking, næringsliv og samfunn. Data science er ei samling av metodar med føremål å trekke ut kunnskap frå forskjellige typar data. I dette emnet vil du få ei oversikt over alle trinna i data science-prosessen, inkludert datainnsamling, dataførebuing, datahandsaming, dataanalyse med statistikk, maskinlærings- og visualiseringsmetodar og å implementere data science-løysingar. Vi vil òg studere etikk og samfunnsproblem relatert til data science.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • skal vere i stand til å forklare dei elementære ideane som ligg til grunn i kvart trinn av data science-prosessen
  • skal vere i stand til å samanlikne dei forskjellige tilnærmingane i kvart trinn av data science-prosessen

Ferdigheiter
Studenten

  • skal vere i stand til å preparere og handsame reelle datasett
  • skal vere i stand til å analysere og visualisere reelle datasett
  • skal vere i stand til å lukkast med å implementere data science-løysingar

Generell kompetanse
Studenten

  • skal vere i stand til å diskutere vellukka døme på korleis data science kan bli brukt i ulike samanhengar i samfunnet
  • skal vere i stand til å diskutere etiske omsyn relatert til data science-prosjekt

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ferdigheiter innan programmering, INF100 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Overlapper 5 studiepoeng med STAT100.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, 4 timar i veka
Gruppeøvingar, 2 timar i veka
individuelle prosjekt og gruppeprosjekt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige to semester; det semesteret aktiviteten blir utført og det påfølgjande.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleveringar og eksamen må vere bestått. Vektinga blir kunngjort på mittuib ved semesterstart.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator er tillatt i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.