Programvaresikkerhet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Emnet gjev oversikt over sikkerheitsproblem som programvare blir eksponert for og gjev trening i programmeringsteknikkar for utvikling av sikre applikasjonar.

Innhald:
Hovudfokuset i emnet er programmeringsteknikkar for utvikling av trygge og sikre applikasjonar. Emnet er praktisk retta og arbeidskrevjande.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • forstår sikringsproblema som er knytta til utvikling og bruk av programvare,
  • kjenner til utviklingsteknikkar for å unngå konkrete sikkerheitsproblem,
  • kan forklare dei vanlegaste sikkerheitsproblema i programvare og hvordan slike svakheiter kan omgåast,
  • kan identifisere vanlege sikkerheitstruslar, risikoar, og angrepsvektorar for programvaresystem, og
  • kjenner beste praksisar for å sikre programvaresystem.

Ferdigheiter
Studenten

  • kan nytte verkty for å oppdage sikkerheitsproblem i programvare,
  • meistrar , teoretisk og praktisk, programmeringsteknikkar for å lage sikre, trygge, pålitelege og robuste system, og
  • kan vurdere sikkerheita til ein applikasjon.

Generell kompetanse
Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar,
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekter for sikker programvare,
  • har utvikla kritisk tenking om sikring av programvare,
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar for sikker programvare både skriftlig, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre fagfolk og bidra til utvikling av god praksis for sikker programvare.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom heile semesteret:

  • To dobbelttimar førelesingar per veke.
  • Ei gruppeøving per veke.

Tid til sjølstudium, arbeide med oppgåver og prosjekt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk prosjekt må gjenomførast for å få ta eksamen.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleveringar og eksamen må vera bestått. Vektinga blir kunngjort på MittUiB ved semesterstart.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.