Algoritmer

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:
Emnet gjennomgår avanserte metodar for utvikling og analyse av effektive algoritmar for diskrete problem. Teknikkar som blir presenterte inkluderar mellom anna grådige algoritmar, dynamisk programmering og ulike former for graf-traversing. I tillegg dekkjer emnet òg korleis ein kjenner att problem som ikkje lar seg løyse effektivt, såkalla NP-komplette problem.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:

Studenten skal:

  • kunne anvende algoritme-design-teknikkar for diskrete problem. Desse teknikkane omfattar grådige algoritmar, dynamisk programmering, ulike former for graf-traversering, og nettverk-flyt algoritmar.
  • kunne kjenne att nye problem som egnar seg til å løysast med dei metodane ein har lært på emnet, og å utlede nye algoritmar for liknande problem.
  • bevise korrektheta av algoritmar og analysere køyretida til algoritmar.
  • kjenne til kompleksitetsklassane P og NP, og termane NP-hardt og NP-komplett, samt korleis desse nyttast for å vise at konkrete problem antakeleg ikke lar seg løyse i polynomisk tid.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

INF102, samt minst eit av MNF130 og MAT221

Studiepoengsreduksjon

I234: 10 ECTS

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesningar og arbeid i grupper. 4 timar førelesning i veka, samt 2 timar gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske oppgåver. Oppgåvene er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.