Vidaregåande organisk kjemi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KJEM231
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Etter fullført emne KJEM231 skal studenten kunne:
- gi korrekte namn til substituerte organiske sambindingar som inneheld fleire funksjonelle grupper og stereosentra
- bruka relevant kjemisk terminologi på ein korrekt måte
- nytta kunnskapar om elektronfordeling og bindingstilhøve til å forutseia korleis organiske sambindingar som høyrer til dei viktigaste stoffklassane, vil reagere
- bruka kunnskapar om kjemisk reaktivitet til å utarbeida forslag til syntesar av meir kompliserte molekyl
- drøfta korleis sambindingar med ein eller fleire sure C-H-einingar reagerer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing: 4 t per veke i omlag 13-14 veker
Oppgåveløysing: 2 t per veke i omlag 13-14 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karaktergrunnlaget er basert på:
- Midtsemesterprøve (20%)
- Prosjektoppgåve (1-3) med rapport og presentasjon (20%)
- Avsluttande 4 timer skriftleg skuleeksamen (60%).
Utfyllande eksamensreglar:
1. Midtsemesterprøve er gyldig i eitt påfølgjande semester og prosjektoppgåver er gyldig i fire påfølgjande semester.
2. I semester med undervisning:
a) Studentar med godkjend prosjektoppgåve frå tidlegare må ta midtsemesterprøve på nytt for å kunne avlegge skriftleg avsluttande eksamen. Midtsemesterprøve (20%), prosjektoppgåver frå tidlegare (20%) og skriftleg avsluttande eksamen (60%) utgjer karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjend prosjektoppgåve frå tidlegare må delta i heile mappeevalueringa (Midtsemesterprøve (20%), prosjektoppgåve (20%) og skriftleg avsluttande eksamen (60%)).
3.I semester utan undervisning:
a) Berre studentar med godkjend midtsemesterprøve frå semesteret før og godkjent prosjektoppgåve frå tidlegare kan gå opp til skriftleg avsluttande eksamen. Midtsemesterprøve frå tidlegare (20%), prosjektoppgåve frå tidlegare (20%) og skriftleg avsluttande eksamen (60%) utgjer karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjend midtsemesterprøve og prosjektoppgåve frå tidlegare semester kan ikkje ta skriftleg avsluttande eksamen.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar: kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31