Kunst, arkitektur og visuell kultur 1950-i dag
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KUN108
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om dei viktigaste tendensane i vestleg biletkunst, arkitektur og visuell kultur etter 1950
- har kjennskap til teoretiske problemstillingar som er relevante i studiet av etterkrigstidas kunst
- har erfaring med ulike tekstsjangrar knytte til det å skrive om nyare tids kunst
- har grunnleggjande kunnskap i kritisk bruk av kjelder i studiet av etterkrigstidas kunstdiskurs og estetiske uttrykk
- har grunnleggjande føresetnader for å fordjupe seg sjølvstendig i estetiske uttrykk frå perioden etter 1950.
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere kunstverk frå perioden med utgangspunkt i relevant litteratur
- kan gjere greie for viktige kunstnarlege tendensar og teoretiske omgrep knytte til kunst etter 1950
- kan identifisere og presentere viktige kritiske og teoretiske posisjonar i den kunsthistoriske litteraturen som omhandlar perioden
- kan sjå kunstproduksjonen i åra etter 1950 i ein historisk og politisk kontekst
- kan uttrykke seg i fagleg språk og nytte ei vitskapeleg tilnærming i diskusjonar om kunst, arkitektur og visuell kultur frå tida etter 1950
Generell kompetanse:
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff frå etterkrigstidas kunsthistorie munnleg og skriftleg
- kan gjere greie for, og aktivt nytte analytiske og teoretiske omgrep som er sentrale for å forstå visuell kultur i perioden
- kan nærme seg samtidas kunst og kulturfelt frå ein fagleg informert ståstad, og utveksle eigne synspunkt og erfaringar med aktørar med liknande kompetanse
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga er på engelsk.
Undervisinga blir gitt som førelesingar og som seminar. Det blir normalt gitt seminarundervisning tilsvarande om lag 8 timar per gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillèt det, kan seminarundervisninga bli utvida.
Undervisninga vil legge vekt på å utforske kunst, arkitektur og teoretiske diskusjonar som praksis, og ein vil derfor så langt råd er derfor trene studentar i å lese utstillingar, verk og arkitektur gjennom besøk i lokale kunstinstitusjonar, byvandring eller skriveseminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane pliktar å delta på seminar (75%). Dei skal som del av seminaret skrive to kortare tekstar.
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret, og to påfølgende semestre.
Vurderingsformer
Mappevurdering med to tekstar. Tekstane blir vekta likt og mappa skal ha eit samla omfang på 3 000-4 000 ord. Det vert gitt éin karakter for heile mappa.
Begge tekstane må leverast det same semesteret.