Kunstane i antikken og mellomalderen og den klassiske tradisjonen

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei tematisk og historisk fordjuping i antikken og/eller mellomalderen si kunsthistorie og/eller i den klassiske tradisjonen i seinare kunst og visuell kultur. Bacheloroppgåva kan ta utgangspunkt i konkrete døme på kunstverk, arkitektur og visuell/materiell kultur eller eit teoretisk problem.

Det kronologiske og tematiske tyngdepunkt vil variere frå semester til semester.

Hovedtema for KUN250 våren 2024 er «MATERIELL AGENS OG ANIMASJON I ANTIKKEN OG MIDDELALDEREN». All undervisning samt foreslått pensum vil være innenfor hovedtemaet. Det vil likevel være mulig for de som ønsker det å skrive BA-oppgave om andre tema innenfor antikkens og middelalderens kunst, håndverk og teknologi.

Studiet tar opp tema som kunsten sin funksjon, kunst og religion og kunsthistoriske tradisjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har ei fordjuping innanfor kunsthistoria i antikken eller mellomalderen eller den klassiske tradisjonen fram til vår tid
  • har kunnskap om forskingstradisjonar innanfor fordjupingsemnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere kritisk i høve til estetiske og teoretiske spørsmål
  • kan nytte relevante faglege tilnærmingsmåtar til å tolke kjende og ukjende verk og drøfte kunsthistoriske problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten

  • skal gjennom bacheloroppgåva ha oppnådd røynsle med å jobbe med eldre kunsthistorisk materiale
  • kan framstille fagstoff frå eldre kunsthistorie på sjølvstendig vis både skriftleg og munnleg

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Emnet kan overlappe (15 studiepoeng) med KUN251 og KUN253. Kontakt studierettleiar for meir informasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga blir gitt som førelesingar eller seminar og vil normalt ha eit omfang på rundt 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vette aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av undervisinga.

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i semesteret til oppsette fristar. Fristane vert publiserte på Mitt UiB.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Rettleidd bacheloroppgåve over eit tema innafor rammene av emnet.

Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider og består av fellespensum og sjølvvalt pensum i høve til bacheloroppgåva.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Emneansvarleg
Fagmiljøet i kunsthistorie.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium