Kunst, arkitektur og visuell kultur i moderne og samtid
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KUN260
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/skandinavisk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ei tematisk fordjuping innan eit spesifikt tema knytt til kunst, arkitektur og/eller visuell kultur, til dømes fotografi, i perioden frå 1750 til i dag. Sjølve bacheloroppgåva kan ta utgangspunkt i sentrale problemstillingar i kunstnarskap og kunstnarlege uttrykk, drøfte teoretiske problem knytte til arkitektur, biletkunst, fotografi eller annan visuell kultur, fokusere på utstillingspraksisar, eller anna. Kva fordjupingar som er aktuelle, vil avhenge av ramma for emnet det enkelte semester.
Det tematiske tyngdepunkt vil variere frå semester til semester. Sentrale rammer kan vere å diskutere samtidskunstens ulike former, moderne praksisar og teori knytt til i biletkunst, arkitektur, fotografi eller andre visuelle uttrykk, eller å fokusere på spesifikke kritiske perspektiv knytte til kjønn, globalisering og mangfald, eller ny teknologi og nye medium.
Temaet for KUN260 våren 2024 er "fotografi, helse, liv og død".
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har ei fordjuping innanfor kunsthistoria, arkitekturteori og/eller visuell kultur i moderne tid og/eller samtida
- har kunnskap om teoretiske posisjonar innanfor fordjupingsemnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere kritisk i høve til estetiske og etiske spørsmål
- kan nytte kunsthistorisk metode til å tolke kjende og ukjende verk
Generell kompetanse
Studenten
- skal gjennom bacheloroppgåva ha oppnådd røynsle med å jobbe med nyare kunsthistorisk materiale
- kan framstille fagstoff frå nyare kunsthistorie på sjølvstendig vis, t.d. som kunstkritikar og kunstformidlar
- kan fungere som kurator innan nyare kunst
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte til minst 75% av undervisinga.
Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i semesteret til oppsette fristar. Fristane vert publiserte på Mitt UiB.
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider og består av fellespensum og sjølvvalt pensum i høve til bacheloroppgåva.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.